Sognekraft AS Hovedbilde

Er du pådrivar for innovasjonskraft?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Forretningsutviklar Sognekraft AS Vik Fulltid
Sognekraft AS Logo

Sognekraft AS

Røysavegen 1
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Berit Larsen
95048091

Søknadsfrist

24. oktober 2021

Om stillinga

Sognekraft har gjennom mange år innarbeidd evne til nytenking og har fleire gonger vore på lista over dei tre mest innovative kraftselskapa i landet. Di viktigaste oppgåve vert å kommersialisera den innovasjonen som naturleg skjer i konsernet.

Arbeidsoppgåver

I tillegg skal du strukturera innovasjonsarbeidet og medverka til at kunnskapsoverføring frå andre kjelder fører til produktutvikling og nyskaping. Du vil arbeide med ei brei kontaktflate internt og eksternt, og rapportere til konsernleiinga.

Kvalifikasjonskrav

Me ønskjer oss ein kollega som er

  • initiativrik og nyskapande, med kommersiell teft
  • ein lagspelar som motiverer til utviklingsarbeid
  • sjølvstendig og har god arbeidskapasitet
  • er uredd i tilnærming til komplekse problemstillingar og har sterk gjennomføringsevne
  • stødig i norsk skriftleg og munnleg formidling

Om deg

Du er analytisk, strukturert og har god forretningsforståing. Du har gjennomført relevant høgare utdanning, gjerne ein master og har eventuell erfaring innan innovasjonsarbeid og forretnings­utvikling. Du har nokre års arbeidserfaring, men nyutdanna kan likevel vera aktuelle.

Vi tilbyr

Me tilbyr deg ei nyoppretta, spennande stilling der du vil ha stor påverknadskraft. Kontorstad i Vik eller Sogndal. Kontakt oss gjerne for ein uforpliktande prat om stillinga, eller for meir informasjon.