Fjord1 søker trainee innan økonomi Bilde

Fjord1 søker trainee innan økonomi

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fjord1 AS Kinn Trainee
Fjord1 AS Logo

Fjord1 AS

Strandavegen 15
6900 Florø
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

HR-rådgjevar Heidi Felle
48 22 27 91

Søknadsfrist

15. mars 2021 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Fjord1 AS på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa! 

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden.

Fjord1 er det leiande ferjeselskapet i Norge, med ferjetransport som kjerneverksemd. Selskapet driv og aktivitet innan passasjerbåttransport, catering og fjordbasert reiseliv. Vårt hovudkontor ligg i Florø, og her har om lag 100 personar sin daglege arbeidsplass. Vi har også regionkontor i Bergen og Molde, og totalt er vi om lag 1200 fantastiske kollegaer fordelt på sjø og land. 

Fjord1 har dei siste åra bygd opp mot tretti nye el-ferger. I tillegg har vi bygd om, modernisert og tilpassa eksisterande fartøy til moderne klimakrav med lågutslepp. Fjord1 har gjennom dette arbeidet sikra seg ein leiande posisjon i det grøne skiftet og elektrifiseringa av norske fjordar. I dei fleste anbodskonkurransar som blir lyst ut i dag er miljøkrava forsterka, og det er i stor grad til krav til null- og lågutsleppsteknologi.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer no etter trainee til vår økonomiavdeling ved hovudkontoret i Florø.

Som trainee i Fjord1 vil du få oppleve eit år med spennande oppgåver der du må utfordre deg sjølv, med støtte frå fagleg dyktige kollegaer. Vår økonomiavdeling er satt saman av fagområda rekneskap, finans, økonomi og løn. Vi er ein organisasjon som samhandlar og arbeider på tvers av fagområde med fokus på totaliteten av selskapet. Vi ser etter deg som ser nye løysingar, kan utfordre vår tankegang, er nysgjerrig og lærevillig, med eit sterkt ønske om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar. 

Kvalifikasjonskrav

Vi ønsker at du:

  • Er utdanna innan økonomi, finans, rekneskap, IT, eller kanskje noko heilt anna?
  • Har interesse for business intelligence (BI), grensesnitt og systemflyt

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Om deg

  • Du er løysingsorientert og nysgjerrig
  • Du tek fatt på nye oppgåver med motivasjon, engasjement og pågangsmot
  • Du er strukturert og ryddig
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du har sterke analytiske eigenskapar og er pådrivar for forbetringar 
  • Du tør å stille spørsmål og utfordre etablerte praksisar

Vi tilbyr

  • Ein unik start på di karriere
  • Delta i prosjektarbeid på tvers av fagområde
  • Moglegheit til å få ansvar, og vere med å påverke utviklinga i selskapet
  • Jobbe med utfordrande arbeidsoppgåver
  • Tett og god oppfølging både fagleg og personleg
  • Bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Bli ein del av ein aktiv gjeng som samlast for kjekke aktivitetar også på fritida
  • Moglegheit til ei vidare karriere i Fjord1

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i Vestland
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Fjord1 som kompetansearbeidsplass veks kvar dag - kanskje er du den neste på laget vårt? 

Fjord1 AS Kulturbilde