Norconsult AS Hovedbilde

Norconsult Sogndal søkjer erfaren sivilingeniør/ingeniør bygg/konstruksjonsteknikk

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Erfaren sivilingeniør/ingeniør bygg/konstruksjonsteknikk Norconsult AS Sogndal Fulltid
Norconsult AS Logo

Norconsult AS

Vestfjordgaten 4
1338 Sandvika
Sjå bedriftsprofil

Kontakt

Arne Moen
+47 91 69 94 82

Søknadsfrist

31. mai 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Sogndal, Årdal, Førde, Sandane og på Nordfjordeid med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Bygg-/konstruksjonsteknikkgruppa utgjer det største fagmiljøet vårt med i alt 15 medarbeidarar. Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei og tverrfagleg kompetanse og stort nettverk i bransjen.


Vi har for tida stor oppdragsmengde og søkjer sivilingeniør/ingeniør med innan bygg og konstruksjonsteknikk. Det er ønskjeleg at du har erfaring frå rådgjevar- og/eller entreprenørverksemd.

Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetansemiljø. Oppdraga spenner frå utviklingsfasar via skisse- og forprosjekt til detaljprosjektering og FDV-dokumentasjon. Spennande oppgåver ligg framfor oss, særleg knytt store oppdrag som prosjektering av nye Førde sentralsjukehus.

Vi ønskjer primært tilsetting ved Sogndal-kontoret vårt, men andre kontorstader kan vere aktuelle.

Er du vår nye medarbeidar?

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og prosjektering av konstruksjonar innan bygg og anlegg
  • Analysar, dimensjonering, modellering med varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
  • Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Tverrfagleg koordinering
  • Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid
  • Arbeidsoppgåvene kan tilpassast interesser og kvalifikasjonar.

Om deg

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement
  • Har gode evner og interesse innan statikk og konstruksjonsfag
  • Har erfaring med verktøy for analysar og dimensjonering
  • Har erfaring med 3D-modellering og BIM
  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Har gode samarbeidsevner
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk

Vi tilbyr

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv.

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 4400 tilsette som er stasjonert på 113 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.