Vi er på jakt etter Marknadssjef til Enivest AS

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Enivest søker marknadssjef Enivest Sunnfjord Fulltid
Enivest Logo

Enivest

Firdavegen 5, 6800 Førde, Norge
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Janne Siri Horne
907 21 164

Søknadsfrist

29. august 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Fiberbreiband og tenester er grunnmuren i det digitaliserte samfunnet.

Enivest er på jakt etter Markedssjef til nyoppretta stilling som vil få overordna ansvar for marknadsføring, merkevarebygging og kommunikasjon.

Arbeidsoppgåver

For å lykkast i rolla er det avgjerande at du forstår kundereisa og marknaden. Å heile tida vere oppdatert på kva kundane forventar i forhold til produkt, pris og oppfølging står sentralt både no og framover. Ny markedssjef har derfor ei nøkkelrolle i å bringe teknologi og relevante produkt til både privat- og bedriftsmarknaden.

Vi ønsker å bygge vidare på den allereie sterke profilen og identitet vår i marknaden. Rolla vert sentral i leiargruppa, og samspelet med anna kompetanse i organisasjonen er viktig. Stillinga rapporterer til administrerande direktør.

Kvalifikasjonskrav

Vi er på jakt etter deg som har relevant bakgrunn innan marknads- og kommunikasjonsarbeid, og som kan vise til gode resultat. Du treng ikkje å kome frå bransjen, men det er viktig at du er nysgjerrig på teknologi og korleis den kan nyttast i vidare utvikling. Det er òg ein fordel om du har erfaring som leiar, og å skape resultat saman med andre.

Om deg

Som person må du evne å tenke strategisk og sjå moglegheiter der andre ser utfordringar, samtidig som du må like å arbeide med det operasjonelle. Du må vere framoverlent, resultatorientert og ein doer . Vi tar det som sjølvsagt at du er god til å kommunisere og formidle, både eksternt og internt.

Vi tilbyr

Dette er ei svært spennande stilling med mykje ansvar hos ein aktør som er leiande i sin bransje. Tenestene og produkta Enivest tilbyr er samfunnsaktuelle- og kritiske, og Enivest er eit solid selskap i ein bransje i spennande utvikling.

Det vil vere attraktivt for rette kandidat at resultata som oppnåast er målbare. For å lykkast med dette må ein jobbe saman med andre, og ha evne til å skapa entusiasme i organisasjon og marknaden. Det er ein god arbeidskultur i selskapet, og dyktige, engasjerte kollegaer.

Dersom dette ser spennande ut, er du velkomen til å kontakta ein av rådgjevarane våre hos Headvisor; Per Jorem (40021560) eller Janne Siri Horne (90721164).

Send kortfatta søknad med CV snarast, og innan 30.08.2021. Alle spørsmål til rådgjevarane våre vert handsama fortruleg, inntil anna vert avtalt.