Sogn og Fjordane Energi Hovedbilde

Driftsingeniør Nettsentral

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sogn og Fjordane Energi Gloppen Fulltid
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Driftssentralsjef Geir Magne Evebø
90598421

Søknadsfrist

15. juni 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga. Er du opptatt av klimaet og framtida?

Eit robust straumnett er nødvendig for å frakte straumen sikkert og effektivt ut og fram til kundane våre. Eit aukande behov for straum i framtida og mål om å bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi gjer straumnettet til ein kritisk infrastruktur for utvikling av samfunnet.

Både utvinning av ny fornybar energi og ei aukande elektrifisering av samfunnet er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere våre utslepp.

Linja AS er nettverksemda i konsernet Sogn og Fjordane Energi. Vi er kring 140 medarbeidarar som jobbar med utvikling drift og vedlikehald av straumnettet i regionen. Linja har eit vidstrakt nett på kring 4000km. Selskapet har omfattande nybyggjingsaktivitet, og jobbar målretta med å utvikle framtidas nett- og systemløysingar.

I stillinga som driftsingeniør vil du ha vår døgnbemanna driftssentral på Sandane som arbeidsstad og vere ein viktig ressurs i forhold til å drifte og utvikle vår samfunnkritiske infrastruktur – om det er dagleg drift og styring av straumnettet til gjenoppretting i feilsituasjonar og beredskapssituasjonar. Eit sterkt straumnett, og ei god og sikker drift av dette, er viktig for å vere ein sterk og viktig aktør og tilretteleggar i elektrifiseringa av samfunnet og det grøne skiftet.

Arbeidsoppgåver

  • · Du vil i hovudsak arbeide med styring og overvaking av våre nettanlegg.
  • · Koordinere og leie koblingar i nettet ved aktivitet ute i våre anlegg.
  • · Leie og koordinere feilrettings- og gjenopprettingsaktivitet.
  • · Du vil gjennom ditt arbeid også ha eit tett samarbeid med selskapet sine plan- og prosjektmiljø, samt arbeidslag og montørstyrken elles ute i anlegga våre.
  • · Som medarbeidar på vår regionale driftssentral vil du ha tett kontakt med Statnett og andre sentrale aktørar.

Du må handtere alt frå dagleg drift til akutt- og beredskapssituasjonar.

Som driftsingeniør ved den døgnbemanna driftssentralen vil du delta i vår heilkontinuerlege skiftordning

Kvalifikasjonskrav

  • · Du har høgskule eller tilsvarande innan elektrofag
  • · Du har gjerne erfaring frå drift av høgspenningsanlegg
  • · Du har gjerne kjennskap til naudnett
  • · Du har gode datakunnskapar og sytemforståing

Om deg

• Strukturert og jobbar målretta og systematisk

• God til å arbeide sjølvstendig, men har og gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

• Løysingsorientert og handterer stressa situasjonar godt

• Oppteken av HMS

• Interessert i fornybar energi og har engasjement for berekraft

• Ein bidragsytar til godt arbeidsmiljø og kan jobbe i tråd med våre verdiar: Stolt - Frisk – Ekte

• Analytisk anlagt

Vi tilbyr

• Spanande arbeidsoppgåver i eit selskap som satsar på fornybar energi

• Moglegheit for vidareutvikling både fagleg og personleg

• Attraktiv arbeidstidsordning

• Kunnskapsrike kollega og eit godt tverrfagleg samarbeid

• Konkurransedyktige villkår

• Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Vi jobbar målretta for eit større mangfald. Vi oppmodar kvinner om å søkje på stillingane

Arbeidsstad for stillinga er Sandane i Nordfjord.

Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde