Lotteri- og stiftelsestilsynet Hovedbilde

Er du vår nye dokumentasjonsforvaltar?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Dokumentasjonsforvaltar Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Fulltid

Om stillinga

Stortrivast du med å jobbe strukturert og nøyaktig med digital dokumentasjonsforvaltning? Har du eit sterkt ønske om å vidareutvikle deg i eit kompetansemiljø? Då kan du vere personen vi ser etter. Du kan vere både nyutdanna eller ha erfaring frå liknande arbeid.

Vi har digitale arkiv som krev saksbehandling og dagleg drift. Vi er underlagt offentleg- og arkivlova og leverer offentleg journal til einnsyn.no. Vi er i gang med å planlegge oppgradering av Public360 som skal inkludere flytting til skya. Dette påverkar i stor grad dagens rutinar og prosessar og kan gi deg stort rom til å bidra til å utvikle arbeidskvardagen vår.

Teamet vårt har flatt hierarki og du vil raskt kunne få ei spennande og utviklande rolle hos ein viktig samfunnsaktør. Samtidig får du vere med og påverke din eigen arbeidskvardag. Lotteri- og stiftelsestilsynet driftar og utviklar fleire nasjonale register og forvaltar viktige nasjonale støtteordningar. Dette krev at vi jobbar aktivt med å digitalisere og effektivisere forretningsprosessane i dag og i framtida for heile organisasjonen.

Kulturen hos oss er å vere open, nysgjerrig og alltid sjå etter den beste måten å jobbe på for å levere brukarvennlege løysingar som er fleksible og kan brukast på ulike måtar.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift i arkivet.
  • Prosjektarbeid, i første omgang oppgradering av P360 og opplæring i oppgradert versjon og kontinuerlig forbedring/utvikling av systemet.

Kvalifikasjonskrav

  • Universitets- og/eller høgskuleutdanning på minimum bachelornivå. Solid erfaring innan arkiv med resultat som kan dokumenterast, kan fråvike kravet til utdanning.
  • Solid kjennskap til norsk arkivstandard (NOARK).
  • Det er ein fordel om du har erfaring med Noark-baserte system, gjerne Documaster og/eller Public360.
  • Du kjenner gjerne til offentleg forvaltning og relevant lovverk innanfor arkiv, forvaltning, offentlegprinsippet og personvern.

Om deg

  • Du blir motivert av å løyse utfordringar og å utvikle nye prosessar og rutinar i lag med andre.
  • Du føler deg trygg i kontakt med interne og eksterne brukarar av systemet.
  • Du er ein lagspelar som kan jobbe sjølvstendig.
  • Du liker å skaffe deg ny kompetanse som du gjerne deler med kollegaene dine.
  • Du blir motivert av å støtte opp under samfunnsoppdraget vårt: å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.

Vi tilbyr

  • eit tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for fagområda sine
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • gode velferdsordningar og generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom og kantine
  • IA-bedrift

Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som seniorkonsulent/rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1363/1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde