Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
2 stillingar på Kommunikasjonssenteret | NAV Økonomiteneste | Sogndal | Fulltid |
Eit av våre satsingsområde er å vidareutvikle Økonomiteneste (ØT) sitt kommunikasjonssenter. Vi skal derfor styrke vårt miljø med ein fast og ei mellombels stilling som jobbar med kundeoppfølging, informasjons- og opplæringsaktivitetar. I tillegg har ØT ei viktig rolle i innføring av nye økonomiløysingar i NAV dei næraste åra.
Kommunikasjonssenteret er organisert i seksjon for Fagstøtte. Vi er brukarstøtte for tilsette i NAV og for leverandørar knytt til fagområda rekneskap, faktura og lønn, i tillegg leverer vi informasjons- og opplæringsmateriell på våre område
Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidskvardag med moglegheit for heimekontor.
Fint om du skriv i søknaden om du søker på den faste eller den midlertidige stillinga, eller begge.