Framtidsfylket AS Hovedbilde
Framtidsfylket AS

Framtidsfylket AS

Hafstadvegen 25

http://www.framtidsfylket.no

post@framtidsfylket.no

Kontakt

Linda Hovland

linda@framtidsfylket.no

990 17 852

Om oss

Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!

Framtidsfylket Vestland er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.

Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.

Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.

Les meir på Framtidsfylket.no

Det beste med å jobbe med oss

Vi i Framtidsfylket har varierte, innhaldsrike og til tider hektiske dagar. Den eine dagen fortel vi historier frå arbeidslivet i Vestland, den neste planlegg vi karrieremesse eller årets traineeprogram. Og så er det dagar der vi får reise rundt i vårt fine fylke og besøke kule bedrifter og prate med interessante menneske. Denne kombinasjonen gjer at vi sjeldan kjedar oss på jobb. Det er alltid noko nytt å oppdage eller å formidle.

Om du har tankar eller idear om korleis Framtidsfylket kan bli endå betre på å profilere Vestland som ein attraktiv arbeidsregion, så vil vi gjerne høyre frå deg :)

Linda, Kine & Kristine.

Framtidsfylket AS Kulturbilde

Ledige stillingar