For første gang i Framtidsfylket si 16 år lange historie, er det no tilsett fire trainear med arbeidsplass Hordaland. Eit stort løft for traineeprogrammet, meiner Linda Hovland.
– Dette har vi jobba lenge for, kan ein svært fornøgd dagleg leiar fortelje.
Heilt sidan fylkessamanslåinga var eit faktum, har Hovland jobba for å styrke samarbeidskulturen mellom Sogn og Fjordane og Hordaland når det kjem til rekruttering. Ho har blant anna vore på turne i store delar av Hordaland for å verve nye bedrifter inn i Framtidsfylkets traineeprogram.
– Kommunar og næringsliv i Hordaland er interesserte i modellen vi brukar for å auke talet på unge menneske som vil arbeide og bu i fylket. Mangel på kompetent og nødvendig arbeidskraft er ei stor utfordring i heile Distriktsvestland.
At traineeprogrammet no blir større, trur Hovland er positivt.
– Eg trurVestland som ein samla, større arbeidsregion kan vere attraktivt for unge nyutdanna, seier ho, og meiner det er eit pluss at søkarane kan velje om mellom traineestillingar i Sogn og Fjordane og Hordaland.
Vestland trainee er eit samarbeid mellom Framtidsfylket Trainee og Trainee Indre Hordaland, og den einaste fylkesdekkande traineeordninga i landet. Det er Framtidsfylket som er programleiar.
– Ordninga skapar eit unikt nettverk og styrkar både konkurransekrafta og samarbeidsånda knytt til ei sentral fellesoppgåve: Rekruttering til Distriktsvestland. No kan vi tilby ein større arbeidsregion, eit meir mangfaldig tilbod og såleis eit meir attraktivt traineeprogram. At Indre Hordaland er representert i årets kull er ein god start, seier Hovland.
Trainee indre Hordaland opplevde høge søkartal då dei lyste ut fire stillingar i samarbeid med Framtidsfylket.
– Felles utlysing og søknadsrunde med Sogn og Fjordane fungerte godt, og traineebedriftene fekk tak i gode kandidatar. Vi ser stor nytte av å utnytte felles administrasjon og kople oss på eit så etablert traineeprogram, seier Anna Gursli Langesæter, dagleg leiar i Næringshagen i Ullensvang.
"Næringslivet ser at traineane er viktige for utviklinga av distriktet."
Langsæter jobbar med å gjere fleire bedrifter i Indre Hordaland kjente med traineeprogrammet. – Næringslivet ser at traineane er viktige for utviklinga av distriktet. Første kullet er godt i gang og fire trainear er på plass i Ullensvang, men vi ønsker å rekruttere fleire traineebedrifter til 2021/22-kullet.
Vil du bli traineebedrift? Les meir her.
På sikt er målet å tilby Framtidsfylkets traineeprogram i heile Vestland. Det blir jobba kontinuerleg med å informere og rekruttere regionane i Hordaland.