Renate Røsten på Langhuset restaurant

Nyheiter

– Heilt sjukt at dette skjer i Odda!

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Privat

Andre hadde kanskje takka for seg, men ikkje Renate. Det bokstavleg talt kokar på Langhuset.

Det er så vidt Renate Røsten klarar å finne ein liten time til oss. Det skal ikkje gå lang tid før vi forstår kvifor. Langhuset restaurant i Odda vart offisielt opna 4. juni, og har hatt fullt hus sidan. Ikkje berre fullt, men med lange køar utanfor. Det vrimlar av turistar i den vesle byen. Dei skal på Trolltunga og dei skal sjå dette nye bygget som dei har oppdaga i sosiale medium.

– Det er heilt sjukt at dette skjer i Odda, seier Renate, som driv Langhuset saman med sambuar Magne Svan.

Først sa ho nei.

Renate er også innehavaren av den populære Ferskvaren restaurant & kolonial i Odda. Det var her Randi dukka opp for to år sidan. Kven er Randi, lurer du kanskje? Det er kona til Lothepus som har reist «stavkyrkja» som ligg vegg i vegg med Langhuset restaurant.

– Randi spurte om vi var interessert i ein prat om å drive den nye restauranten. Nei, tenkte eg straks, for vi hadde meir enn nok å gjere på Ferskvaren.

Ho og sambuaren takka likevel ja til eit møte. Dei kunne no sjå kva dette her var for noko.

– Då vi gikk ut frå møtet var det ikkje tvil om at dette skulle vi vere med på, humrar Renate.

– Prosjektet var alt for spennande til å ikkje vere ein del av, legg ho til.

Stavkyrkje Odda

Stavkyrkja til Lothepus har fått enormt med merksemd. No valfartar folk til Odda.

Langhuset restaurant

Langhuset restaurant har hatt fulle hus sidan opninga i juni. Renate har ansvaret for fornøgde gjestar.

Har kokkelert sidan ho var barn

Men korleis hamna Renate der at folk oppsøker ho for å få ho med på restaurantprosjekt?

– Eg starta som ekstrahjelp på eit bakeri då eg var fjorten. Vidare vart det kokkeskulen, lærlingtid og ulike kokkejobbar i Hardanger, før eg fekk sjansen til å jobbe tolv år på Hurtigruta. Her steig eg i gradene frå kokk til kjøkkensjef, og dei to siste åra jobba eg på skipa som reiser til Antarktis.

Interessa for matlaging starta i barndommen.

– Eg har to foreldre som er flinke til og glade i å lage mat. Far min gjekk gradene frå byssegut til kokk på sjøen, og historiene hans gjorde meg fascinert av yrket. Heilt ærleg veit eg ikkje kva eg skulle gjort om eg ikkje var kokk. Det kjennest naturleg.

Måtte tenke nytt

Då korona kom, stod skipa stille. Det gjorde at Renate måtte tenke nytt.

– På same tid møtte eg sambuaren min, Magne. Vi fann ut at det var ei god tid for å flytte heim til Odda, der vi begge kom frå.

Men kva skulle dei finne på der?

– Vi tulla litt med at vi skulle starte vår eigen vesle plass, og plutseleg var Ferskvaren restaurant & kolonial ein realitet.

Det viste seg at Odda var meir enn klare for ein ny restaurant:

– Det var suksess frå første stund! Det gikk ikkje lang tid før vi måtte utvide med fleire bord.

Det er sånn ho likar det

Kort oppsummert: I dag har Renate ansvaret for drifta av to populære restaurantar i Odda og femti tilsette – i det som må vere tidenes sesong. Travelt?

– Det er så masse å gjere at folk spør kor tid eg skal gå på den berømte smellen, humrar ho.

Sjølv er ho ikkje så bekymra. Det er dette ho likar. At det skjer masse rundt ho, masse folk, masse lydar, at ting må skje fort, samtidig som folk skal få servert god mat. Kokkeyrket, enkelt og greitt.

– Vi serverer mellom 700-800 tallerkenar i Langhuset kvar dag. I tillegg er det mange folk innom og berre ser. Eg er glad i høgt tempo, men akkurat no er målet å komme seg gjennom høgsesongen heilskinna.

Aldri sett så mange menneske i Odda

Kva trur ho er grunnen til at bygget og restauranten har fått folk til å valfarte til Odda?

– Eg har aldri sett så mange menneske i Odda før! Det er nok ein kombinasjon av at Lothepus står bak, stor pressedekning og at det har gått viralt i sosiale medium. Konseptet har blitt ein skikkeleg snakkis. Ikkje berre i Norge, men i utlandet også.

– Vi har høyrd rykte om at maten er ein av grunnane til at folk kjem?

– Hehe. Eg håpar jo det. Gjestane er stort sett veldig fornøgde.

Rekrutteringsluksus

Då Renate og Magne begynte å søke etter folk i vinter, fekk dei inn nær 500 søknadar.

– Heilt vilt! Det er vanlegvis krevjande å rekruttere kokkar og servitørar, men ikkje hit. Så og seie alle søknadane kom frå utlandet.

Igjen trur ho at det er konseptet som gjer det interessant.

– Folk ønsker å jobbe på ein unik stad – så enkelt.

"Vi ønsker å vere ei storstove i Odda"

Odda Langhuset restaurant

Når det ein gong roar seg

Når ting roar seg til hausten (trur ho), ønsker dei å vidareutvikle konseptet:

– Vi ønsker å vere ei storstove for Odda og lokalbefolkninga. Vi håpar at vi kan arrangere ulike event, som konsertar, quiz, matlagingskurs og anna gøy. Men då må det roe seg litt først.

Renate tømmer kaffikoppen. Ho ser ut som roen sjølv, men vi veit at ho har nok ein travel dag framfor seg.

– Neste veke er det festivalen Sus og Dus i Odda. Der har vi ansvaret for maten.

Det er som at det plutseleg går opp for ho kva ho har tatt på seg. For ho kvepp litt når ho seier det.

– Ha-ha, som at vi ikkje har nok å gjere. Men det går nok bra det også, avsluttar ho.

Ønskjer du ein slik artikkel om di bedrift?

Kontakt oss

Fleire saker