Line Bjelde og Henrik Furebotnen på ski i Sogndal

Vestlandslivet

Line (33) måtte finne seg sjølv før ho kunne finne tilbake til Sogndal

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Privat

Line Bjelde (32) måtte ut i verda for å finne seg sjølv. Tilbake på heimplassen ti år seinare fann ho meir tid, den perfekte jobben og eit attraktivt Sogndal.

Line Bjelde (32) måtte ut i verda for å finne seg sjølv. Tilbake på heimplassen ti år seinare fann ho meir tid, den perfekte jobben og eit attraktivt Sogndal.

– Den runda ut i verda var heilt avgjerande for at eg skulle slå meg ned her, fortel Line.

Som nittenåring var ho fast bestemt på at ho var ferdig med Sogndal. Ferdig med bygdeliv, ferdig med at folk kjente ho gjennom foreldra og ferdig med avgrensa moglegheiter.

– Utferdsle- og opplevingstrongen var enorm. Eg hadde behov for å finne meg sjølv på ein stad der ikkje alle visste kven eg var. Bylivet var forlokkande, og eg var sikker på at eg forlèt bygda for godt.

Strategisk utdanningsval

Og byliv og opplevingar vart det. Første stopp var eit halvt år på Cuba, før Bergen og BI venta. Der studerte ho sal, marknadsføring og økonomi, før ferda gjekk vidare til København og ein master i Strategi, organisasjon og leiing. Eit lengre opphald i USA rakk ho også før arbeidslivet tok til. Målet var ein jobb innan økonomi og strategi, samt å vere i kontakt med menneske.

– Eg har alltid likt å jobbe med menneske, og har erfaring frå blant anna familiebedrifta vår Bjelde Gard. Samtidig synest eg strategi og utvikling er utruleg spennande. Eg hadde ei god kjensle rundt kva eg ville jobbe med, men visste ikkje heilt kva.

Line er gift med fotballspelaren Henrik Furebotnen, og etter studiane følgde ho han både til Sandnes og Bodø. I Bodø fekk ho nyttig erfaring som dagleg leiar i helsebedrifta Inox Health Performance under oppstartsfasen.

– Å vere med på å starte opp ei bedrift er utruleg lærerikt og noko eg tar med meg vidare i arbeidslivet.

På heimebane

Då Sogndal fotball ville ha mannen heim i 2016, hadde Line ei anna haldning til bygda enn då ho var nitten.

– Eg var metta på å utforske nye stadar og å stadig etablere nye nettverk. Det var som om at eg måtte ut i verda for å sette pris på det eg hadde heime. Uansett kor eg budde, fann eg alltid tilbake til vennene heimanfrå. Eg trur det handlar om verdiar og røter. Og så sakna eg fjella i Sogn. Ingen er som dei.

Med ein liten ein på veg var også besteforeldre ein viktig faktor for å flytte heim.

– Takka vere ein pensjonert bestefar, kunne eg ta til i ei ny stilling i Sognekraft etter berre seks månader i foreldrepermisjon. På den måten vart det ironisk nok enklare å gjere karriere på bygda enn i byen for min del.

Den perfekte jobben

Godt etablert tilbake i Sogndal med mann og no to barn og ein spennande jobb i Sognekraft, dukka det opp ei stilling i Sogn Næring som Line ikkje kunne la vere å søke på.

– Jobben som forretningsutviklar er som skapt for meg. Eg kunne krysse av i alle boksane når det gjaldt både interesse, erfaring og bakgrunn. Eg har vore med å starte bedrift, har solid erfaring frå prosjektkoordinering i Sognekraft og kjenner drifta i Bjelde gard. Og så likar eg kombinasjonen av kontorarbeid og å vere ute og møte folk.

Lukka var difor stor då ho landa jobben.

– At eg skal få ta del i at gründerar og bedrifter set idear ut i verda, å skape nye arbeidsplassar og sjå draumar og mål blir oppnådd, det er utruleg inspirerande. Eg likar å sjå ei utvikling og at ting går framover. Sogn har stort utviklingspotensiale, og der kjem vi inn i bildet, seier ho.

     Næringsnettverket i Sogn på tur i Balestrand. F.v: Gunn Cecilie Timberlid Hundere – Seniorrådgjevar i Sogn Næring, Torgeir Skålid – Dagleg leiar i Sogn Næring, Olav Grov – Næringssjef i Luster kommune, Tor Andre Balevik i Balestrand Fjord Angling, Odd Rune Turvoll – Næringssjef i Vik kommune og Line Bjelde

Næringsnettverket i Sogn på tur i Balestrand. F.v: Gunn Cecilie Timberlid Hundere – Seniorrådgjevar i Sogn Næring, Torgeir Skålid – Dagleg leiar i Sogn Næring, Olav Grov – Næringssjef i Luster kommune, Tor Andre Balevik i Balestrand Fjord Angling, Odd Rune Turvoll – Næringssjef i Vik kommune og Line Bjelde

Eit meir attraktivt Sogndal

Også i Sogndal har det gått framover. Om det er Line eller bygda som har endra seg veit ho ikkje, men ho veit at Sogndal er meir attraktivt i dag enn då ho var 19 og aldri skulle tilbake.

– Når det gjeld fritidstilbod synest eg vi har blitt så flinke til å dele og gjere kvarandre merksame på kva som finst her. Både fjellturar, kulturtilbod, restaurantar og anna. Og så dukkar det stadig opp spennande jobbar. Eg har fleire venner som prøvar å få seg jobb her, men som opplever at det er rift om jobbane. Det er jo på ein måte eit bra teikn. Det betyr at folk vil flytte hit.

– Her har vi alt innan ti minutt, og eg likar at alt er så tilgjengeleg.

Line Bjelde i Sogn Næring

Timinutts-samfunnet

Noko av det Line oppdaga då ho budde i storbyen, var at alt tok meir tid. Det tok meir tid å komme seg til og frå jobb og meir tid å komme seg til fritidsaktivitetane.

– Her har vi alt innan ti minutt, og eg likar at alt er så tilgjengeleg. Tid er noko eg set meir og meir pris på. Sjølvsagt hender det at eg saknar det urbane livet, og spesielt København. Men du finn innslag av det urbane her også, til dømes konsertar og kafear.

Så kva gjer ho om ho plutseleg får ein fridag og sola skin?

– Då gjer vi det enkelt og utnyttar det vi er omringa av. Med to barn og hund er det best slik. Derfor pakkar vi strandbagen og syklar til nærmaste badeplass. Der nyt vi dagen, grillar, badar og tar livet med ro. Heilt perfekt, avsluttar ho.