Sognekraft AS

Sognekraft er drivkraft i Sogn. Verksemda sine kjerneområde er produksjon, omsetnad og transport av miljøvennleg energi. Sognekraft tilbyr entreprenørtenester og utleige av fiberkablar for breibandskommunikasjon. Sognekraft er i kraftig vekst og skal i løpet av få år meir enn doble produksjonen av rein energi gjennom ei rekkje vasskraftutbyggingar i Sogn. Difor treng vi stadig fleire dyktige medarbeidarar på laget. Selskapet har i dag kring 90 årsverk med hovudkontor i Vik og avdelingar i Balestrand, Sogndal og Årøy.

Sognekraft set krefter i sving. Vi har utvikla ein kultur for nyskaping, og er ikkje redde for å realisere gode idèar. I 2014 opna vi Sognekraft Fjordenergi, eit anlegg som i dag produserer store mengder energi frå sjøvatn i verdas lengste og djupaste fjord.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.