I august reiste 40 teknologi- og ingeniørstudentar frå Høgskulen på Vestlandet (HvL) i Førde på studietur for å bli betre kjent med næringslivet i Florø og Bremanger. Studieturen var eit samarbeid mellom HvL og Framtidsfylket.

Tett møte med næringslivet
Studentane fekk ei variert reise gjennom regionen, med innblikk i alt frå tekstil og maritim teknologi til vindkraft og prosessindustri. Første stopp var bedriftsbesøk i Florø, der gruppene fekk omvisning og presentasjonar frå Nortekstil, Retrams og Evoy.
Seinare samlast alle i Hamnehuset, der fleire aktørar presenterte seg: Hub for Ocean, Fjord1, Helse Vest IKT, Aksello, ScaleAQ, Westcon og Fjord Base Gruppen. Her fekk studentane høyre om alt frå IKT innan helse til akvakulturteknologi og verftsdrift.




Vindkraft, prosessindustri og øl
Etter lunsj gjekk turen vidare til Guleslettene vindkraftanlegg, der Zephyr fortalde om satsinga på fornybar energi. Deretter bar det til Svelgen for omvisning hos Elkem Bremanger, før dagen vart avslutta med ølsmaking på Vesle Kinn i Florø saman med Warpkode og Brewfather.
Felles for alle bedriftene er at dei nyttar teknologi for å utvikle seg, effektivisere drifta eller løyse problem. Mange av dei er leiande innan feltet sitt, ikkje berre i Noreg, men også internasjonalt.

– Viktig å sjå kva vi kan strekke oss etter
Ein av deltakarane var Jobjørn Røkenes Myren (23) frå Ikjefjord i Høyanger, som studerer master i anvendt datateknologi og ingeniørvitskap. Han kjende til nokre av bedriftene frå før, men opplevde turen som ei nyttig utviding av horisonten.
– Det gir inspirasjon til kva vi skal strekke oss etter og bør kunne når vi skal ut i arbeidslivet, seier han.
For han er slike besøk óg ei viktig påminning om at det finst spennande karrieremoglegheiter nær studiestaden og heimstaden.
– Det er ein bra måte å vise oss studentane at dette er ein region vi kan bli verande i etter studiane, eller kome tilbake til.

Jobjørn Røkenes Myren (til høgre) syntest studieturen var ein fin måte å bli kjent med næringslivet på.
Imponert av Nortekstil
Eit av høgdepunkta for Myren var møtet med Nortekstil.
– Eg vart spesielt imponert over at dei har teke mykje av systemutviklinga i eigne hender. Det viser eit ønske om å vere frampå for å gi ei betre oppleving for kunden. Det er kult at dei ser verdien av å ha ei eiga IT-avdeling i bedrifta, seier Myren.
Driftssjef Robert Steindal i Nortekstil viste og forklarte teknologien som er i sving når fleire titals tonn tekstilar går gjennom vaskeriet kvar dag.

Kan godt bli verande
Også Kristin Håberg (30) frå Stavanger, som går tredje året på IT, opplevde bedriftsbesøka som givande.
– Det er spennande å sjå kva jobbmoglegheiter som finst her. Eg kan godt tenke meg ein jobb her i området i framtida, seier ho.
Ein vellukka dag
Målet med næringsreisa var å knyte studentane tettare til regionen, og vise fram breidda av kompetanse og moglegheiter i næringslivet på kysten.
– Det vart ein flott dag med gode presentasjonar og engasjerte studentar. Slike møte gjer at framtidas arbeidstakarar får eit betre bilete av kva som ventar, og samstundes blir bedriftene meir synlege for dei, seier Linda Hovland i Framtidsfylket.

Vi håpar vi ser dykk i arbeidslivet i Vestland når den tid kjem!




