Vil du løfte fram Vestland som fiskerifylke?

Nyheiter

Vil du løfte fram Vestland som fiskerifylke?

Fylkeskommunen ser etter deg som har glød og evne til å utvikle dei marine næringane.

Potensialet for nyskaping innan fiskeri og havbruk er stort i Vestland, seier Endre Høgalmen. Han er seksjonssjef for naturressursar, landbruk og reiseliv i avdeling for innovasjon og næringsutvikling. No lokkar han med ei spennande stilling.

– Som rådgjevar i fiskeri og marin næringsutvikling vil du ha eit breitt spenn i arbeidsoppgåvene, med både kontorarbeid og kontakt med næringa. Sidan dette er ei nyoppretta stilling, har du høve til å påverke korleis arbeidsdagen din skal sjå ut.

Glød og evne for fiskerifylket

Di viktigaste oppgåve blir å legge til rette for utvikling innan fiskeri og havbruk.

– Vi ser etter ein dyktig fagperson som har glød og evne til å løfte fram Vestland som fiskerifylke. Vedkomande må vere drivande, sjå mogelegheiter og ha evne til å gjennomføre – ikkje minst i nært samarbeid med andre.

Han seier det er ein fordel med erfaring, men ikkje eit krav.

– Vi ser i utgangspunktet etter ein medarbeidar med litt erfaring. Samtidig har vi gode erfaringar med å bygge opp fagfolk, så nyutdanna kan også søke. Men den faglege ballasten i form av ei solid utdanning må vere på plass.

Forsterka innsats i berekraftig havbruk

Å jobbe med berekraftige løysingar blir ein naturleg del av stillinga.

– Vi er i ferd med å forsterke innsatsen innan berekraftig havbruk, med mål om å styrke verdiskapinga utan å forringe natur og miljø. Den som får jobben vil ta del i dette viktige arbeidet, forklarar Høgalmen

Seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv

TRIVELEGE KOLLEGAER: I seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv får du 20 engasjerte medarbeidarar. Foto: Siw Heidi Bäckström

Gode kollegaer og valfri arbeidsstad

Høgalmen lovar spennande og varierte arbeidsoppgåver.

– Du vil jobbe med alt i frå sakshandsaming og utgreiing til kontakt med næringa, Innovasjon Norge og statlege styresmakter. Her får du ein variert arbeidskvardag, og rom for å utvikle deg både fagleg og personleg.

Stillinga byr på både trivelege kollegaer og valfri arbeidsstad.

– Her er det mange gode kollegaer som utfyller kvarandre, og arbeidsmiljøet er prega av samarbeid og kunnskapsdeling.

Kollegaene har kontorstad på fleire ulike stadar, men jobbar godt saman.

– Vi er godt trena i samhandling på tvers av kontorstadar, og vi har difor opna for at denne stillinga kan ha kontorplass i Leikanger, Bergen eller Florø, avsluttar Høgalmen.

Vil du vere med og styrke Vestland fylkeskommune sin innsats innan fiskeri?

Gå til stillingsannonsen