Fiskeri og marin næringsutvikling (rådgjevar), Innovasjon og næringsutvikling

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rådgjevarstilling innanfor fiskeri og marin næringsutvikling Vestland fylkeskommune Sogndal Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil

Kontakt

Endre Høgalmen, seksjonssjef
95207789

Søknadsfrist

27. mai 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vår nye medarbeidar vil i hovudsak arbeide med oppgåver innan fiskeri og marin næringsutvikling.

Arbeidsplass for den som vert tilsett kan vere i Leikanger i Sogndal kommune, på Sandsli i Bergen eller i Florø.

Seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv inngår i avdeling for innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylkeskommune. Vi arbeider med landbruk, reiseliv, lokalsamfunnsutvikling, marin sektor, vassforvaltning, vilt og mineral. Fellesnemnaren for arbeidet er å utvikle samfunna våre og forvalte naturressursane på ein god måte

Arbeidsoppgåver

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er å:

  • legge til rette for å løfte Vestland som fiskerifylke gjennom eit lønsamt og berekraftig fiskeri
  • halde god kontakt opp mot fiskerinæringa og statlege styresmakter, og dele oppdatert kunnskap
  • utarbeide innspel til statlege styresmakter, deriblant svar på høyringar
  • gjere næringsfaglege vurderingar i samband med fiskerihamner
  • utvikle strategiar og handlingsplanar, saman med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • drive sakshandsaming, utgreiing og rådgjeving
  • gjere prosjektretta arbeid som fylkeskommunen leiar eller er med på
  • arrangere og delta på samlingar, nettverk og konferansar
  • bidra til kunnskapsutvikling og kompetanseheving innan marin sektor
  • bidra i arbeidet med å utvikle eit berekraftig havbruk

Arbeidet inneber nær kontakt med andre medarbeidarar i fylkeskommunen, og mykje kontakt med m.a. dei marine næringane, Innovasjon Norge og statlege styresmakter.

Kvalifikasjonskrav

Den som vert tilsett må ha:

  • relevant høgare utdanning på masternivå. Søkjarar med utdanning på bachelornivå og med lang relevant erfaring kan vere aktuelle for stillinga, men vil i så fall bli tilsett som spesialkonsulent, og ikkje som rådgjevar. For særs godt kvalifiserte søkjarar vurderer vi innplassering som seniorrådgjevar.
  • god kjennskap til arbeid inn mot fiskeriretta verksemd.


Det er ein føremon med:

  • erfaring frå offentleg sektor
  • erfaring med å legge til rette for næringsverksemd, og gjerne innan marin sektor

Om deg

Den som blir tilsett må i tillegg kunne vise til desse eigenskapane:

  • Strukturert og sjølvstendig
  • Gode formidlingsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel
  • Sterk evne til gjennomføring
  • Kreativ og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter avtale.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd) .


Andre opplysningar:

  • Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktperson.
  • Arbeidsstad er fylkeshuset I Leikanger i Sogndal kommune, fylkeshuset på Sandsli i Bergen, eller fylkeskommunen sine lokale i Florø
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.