Mediesenter Førde

Arbeidsliv

Døropnar til medieverden

Oda Elise Svelstad har aldri opplevd så mykje på eit halvt år som ho gjorde gjennom Nynorsk mediesenter i Førde.

– Sett vekk i frå at du lærer mykje, og har det kjekt sosialt, så får du også opplevd mykje og vere vitne til mykje forskjellig. Det som er spennande er at det er svært stor breidde i sakene; alt frå å dekke nye nasjonale varslingssystem ved ulukker til verdsrekordforsøk med el-båt, seier ho.

Nynorsk mediesenter

Oda Elise Svelstad under opplæringa på Nynorsk Mediesenter. Foto: Rune Fossum Lillesvangstu

Intensiv opplæring

Ho var ikkje i tvil om å søke som nynorskpraktikant då ho såg utlysninga. Då ho fekk tilbod om å vere ein av dei fem i kull 31, takka ho fort ja.

– Det passa meg perfekt sidan eg er interessert i journalistikk, men mangla utdanninga. Ein får opplæring i radio, tv, nett og sosiale medium, og eg såg fort at dette kunne opne mange dører innan yrkeslivet innan den yrkesretninga.

Lærerikt miljø

No har NRK Nynorsk mediesenter lyst ut fem nye praktikantstillingar, med oppstart i august. Svelstad oppmodar til å søke, og seier det er mykje bra å trekke fram frå sine seks månadar på distriktskontoret i Førde.

– Det aller beste med Nynorsk mediesenter er jo at ein får lært utruleg mykje på kort tid. I tillegg er redaksjonen og kollegaene fantastiske. Dei er imøtekommande, venlege og hjelpsame til ei kvar tid.

Spent tilflyttar

Svelstad kjem frå Sel i Oppland. Ho såg føre seg at kvardagen i Førde skulle bli stille og roleg. Det fekk ho delvis rett i.

– Eg blei overraska over at Førde faktisk er ein kulturby. Her finst det tilbod om diverse arrangement stort sett heile tida. Eg var stadig på teater, konsertar og quiz. Samtidig fekk eg kjenne på den roen som finst i ein mindre by. Så i Førde får ein faktisk litt av alt, seier ho.

Nynorsk mediesenter

Svelstad ute på eit av oppdraga ho hugsar som kjekkast i løpet av praksisperioden. Foto: Arne Stubhaug

Solid gjeng

Å vere nytilflytta og ny i jobben, var ingen hindring for at Svelstad skulle trivast, spesielt sidan samhaldet med medpraktikantane var så godt.

– Vi var ei gruppe som støtta, oppmuntra og motiverte kvarandre heile vegen. Vi blei godt kjent, og var mykje saman på fritida. Gjennom perioden blei vi også godt kjent med Firda-praktikantane, så til saman blei vi ein god gjeng som fant på mykje sosialt.

Bli nummer 156

På si eiga nettside skriv nynorsksenteret at dei til no har lært opp heile 155 nynorskpraktikantar, og nesten 60 prosent av dei jobbar innan media. Blant dei er Svelstad, som har kapra eit spennande vikariat i Kulturnytt, ved NRK Marienlyst i Oslo.

– Opplæringa har verkeleg opna dørene for å få jobb i NRK eller i andre mediebedrifter. Eg hadde aldri hatt denne jobben om det ikkje hadde vore for Nynorsk mediesenter, slår ho fast.

Nynorsk mediesenter

Vilde Gjerde Lied og Oda Elise Svelstad ute på opptak. Foto: Elias Håvarstein