Nynorskpraktikant i NRK

NRK Nynorsk mediesenter i Førde søkjer etter engasjerte ungdommar som brukar nynorsk og vil bli journalistar. Vi gjev opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Det 33. praktikantkurset byrjar 19. august og er ferdig 26. februar 2021. Det er fem plassar på kullet. Til denne tid har vi lært opp 155 nynorskpraktikantar. 58 prosent av dei arbeider i media, 40 prosent er i NRK.

Vi samarbeider med Nynorsk avissenter i Mediehuset Firda. Dei driv ei tilsvarande opplæring for avis og nett, og lyser ut det 15. kullet med same søknadsfrist som oss.

Arbeidsoppgåver

Det er ei svært praktisk opplæring etter lære-med-å-gjere-det-metoden. Praktikantane lagar saker for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium i den daglege produksjonen i redaksjonen. Praktikantane lærer kva som er ei sak, å ta sjølvstendige val og arbeide under tidspress, med rettleiing frå faglærarar og kollegaer i NRK Vestland i Førde og andre NRK-redaksjonar. 

Praktikantane må lære dei arbeidsverktøya NRK brukar. 

Kvalifikasjonar

For å bli nynorskpraktikant må du vere nynorskbrukar og ha lyst til å bli journalist. Vi tek inn folk med ulike bakgrunnar og utdanningar, men det er eit minstekrav at du har fullført vidaregåande skule. Vi leitar fyrst og fremst etter talenta.

Vi ynskjer søknader som fortel noko om søkjarane og kvifor dei søkjer. Det er viktig å legge attestar og vitnemål ved søknaden. Det er på grunnlag av dei vi kallar inn til intervju, språk- og studiotest. 

Det er ynskjeleg at praktikantane har førarkort.

Personlege eigenskapar

Vi leitar etter engasjerte og godt orienterte folk, også med fleirkulturell bakgrunn. Praktikantane må ha stå-på-vilje, like utfordringar og høgt tempo, og ha evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre. Eit levande og godt språk, og evne til å fortelje, er viktig for å bli ein god journalist.

Vi tilbyr

Seks månader løna opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, radio fjernsyn og sosiale medium.

Aktive NRK-journalistar som lærarar og spennande gjesteførelesarar.

Det er ingen garanti om arbeid etterpå. Men etter avslutta opplæring skal nynorskpraktikantane bli rekna som interne søkjarar i NRK i tre år. Ved tilsettingar skal dei ha prioritet til stillingar dei er fullt ut kvalifiserte for.

NRK Nynorsk mediesenter

Søknadsfrist

onsdag 15. april 2020

Kontaktpersonar

Magni Øvrebotten

Rune Fossum Lillesvangstu

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.