Vil du jobbe med teknologi og toppidrett? Bilde

Vil du jobbe med teknologi og toppidrett?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vil du jobbe med teknologi og toppidrett? Entalpi Fjaler Fulltid

Om stillinga

Har du lyst til å utvikle tenester for toppidretten? Bidra til helseutvikling og gjere ein forskjell? Vi søker fleire utviklarar!

Entalpi er eit nystarta selskap som allereie har bidratt til OL-gull og VM-gull i toppidretten. Hovedgrunder Olav Aleksander Bu er også trenar for triatlonlandslaget, og har utvikla ein algoritme og testprotokoll som blir brukt til å lage ein individuell profil. Basert på profilen skal Entalpi si programvare gje deg moglegheit til å optimalisere trening knytt til treningsmengde og ambisjonsnivå.

Arbeidsoppgåver

Entalpi er allereie i gang med utvikling, og vi har fått med oss fleire store aktørar innan helse, rehabilitering, utdanning, forskning og toppidrett. Vi har utvikla ein betaversjon som blir tatt i bruk av toppidretten i løpet av 2021, og vi har som mål å lansere ein oppdatert versjon til eit utval kundar i løpet av 2022. Om nokon få år skal vi vere på den internasjonale marknaden. No treng vi deg som kan hjelpe oss med å vidareutvikle produktet.

Kvalifikasjonskrav

  • Vi treng folk både til back-end, front-end og integrasjon mellom HW og SW.
  • Det er ein fordel om du har erfaring med Python og/eller Javascript/Typescript og React.

Om deg

  • Du er ein motivert utviklar som er nysgjerrig og vil prøve noko nytt.
  • Du kan jobbe sjølvstendig og på lag med andre.
  • Du ser at trening i arbeidstida gjer ein verdi.
  • Du tykkjer det er spennande å kunne vere med og utvikle noko som gjer ein forskjell for folk.

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidsstad
  • Trening i arbeidstida
  • Konkurransedyktig lønn og pensjon
  • Veldig gode forsikringsordningar
  • God moglegheit for eigenutvikling
  • Moglegheit til å påverke

Var dette interessant? Send ein søknad til Richard Skår: rs@entalpi.no

Vi ser fram til å høyre i frå deg!