VESTLAND FYLKESKOMMUNE

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Vestland fylkeskommune

Kultur, idrett, innovasjon, næring og mykje meir. I Vestland fylkeskommune er jobbmoglegheitene mange.

Kva er det mest spennande som skjer i Vestland fylkeskommune akkurat no?

Vi lagar no den første regionale planen for kultur, idrett og friluftsliv for Vestland. Den skal gjelde i 12 år, frå 2023-2035. Her skal vi vise korleis kultur, idrett og friluftsliv kan vere med og utvikle og løyse viktige samfunnsutfordringar i Vestland. Dette er spennande nybrotsarbeid!

Planen gjeld ikkje berre for fylkeskommunen, men også for staten og kommunane. Frivillig verksemd, kunst og kulturinstitusjonane og profesjonell kunst og kultur vert også omfatta av planen. Vi er glade for at det er eit stort engasjement i heile fylket for planen og ser at kulturaktørane i Vestland har mykje å bidra med!

Elles er det mest spennande akkurat no å følgje med på gjenopninga av kulturlivet og frivilligheita. Her må og skal fylkeskommunen vere med og bidra.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Vestland fylkeskommune?

Vestland fylkeskommune er ein ny og stor organisasjon, som er ein viktig og relevant aktør på mange arena i fylket. Det gjeld mellom anna kultur, samferdsle og utdanning, som alle er viktige felt, spesielt for ungdom. Den store organisasjonen gjev også høve til variasjon i arbeidsoppgåver.

Fylkeskommunen er ein kompetanseorganisasjon som gir deg høgt kvalifiserte og kompetente kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.

Å få bruke evnene sine og utvikle seg fagleg, og gjennom arbeidet vere med å bidra til å utvikle små og større lokalsamfunn i Vestland, gjer det kjekt å arbeide i Vestland fylkeskommune.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Å få høve til å samarbeide med gode kollegaer om å løyse interessante og utfordrande arbeidsoppgåver. Vestland fylkeskommune legg også til rette slik at vi som er tilsette kan få fagleg påfyll gjennom kurs og vidareutdanning.

Ein stor organisasjon gjer det mogleg gå vidare til andre avdelingar/seksjonar, og samtundes jobbe for same arbeidsgjevar.

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø
  • Gode kollegaer gjev godt sosialt miljø
  • Veldig god og rimeleg mat i kantina
Kulturavdelinga

Kva er Vestland fylkeskommune sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

  • Krav om null- eller lågutslepp frå ferjer, hurtigbåtar og bussar
  • ENØK-tiltak i fylkeskommunale bygg
  • Redusert reiseverksemd i jobb
  • Mange møter kjem også i framtida til å gå digitalt i staden for fysisk

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

Vi legg til rette for at alle skal ha gode liv i Vestland, m.a. gjennom vidaregåande skular, kollektivtilbod, næringsutvikling og ved å støtte opp om frivilligheita og kunst- og kulturlivet.

Kor tid kokar det hos Vestland fylkeskommune?

Det er mange gjeremål og oppgåver i fylkeskommunen som vi er godt rigga for å gjennomføre på ein god måte. Det er kanskje mest travelt når vi skal behandle veldig mange søknader om tilskot, og skrive mange saker til politisk behandling på same tid.

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Vestland fylkeskommune?

Søknader frå unge, dyktige folk med fagkompetanse, men gjerne i kombinasjon med ein mangfaldig bakgrunn som vil etablere seg og bu i Vestland. Vestland fylkeskommune har mange avdelingar og ansvarsområder, og har difor varierte krav til dei som søkjer. Det er alltid lurt å vise til ein variert cv med engasjement både på jobb og fritida.

Kven set spor på intervju?

Det må vel vere dei som ønskjer å vere ei drivkraft i utviklinga av Vestland, både som fylkeskommune og region.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Vestland fylkeskommune utan å seie det:

Ledig stilling Vestland fylkeskommune
Jobb i Vestland fylkeskommune

Bli trainee i Vestland fylkeskommune – reiseliv, landbruk og lokalsamfunnsutvikling