Vil du bli trainee i Vestland?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee - reiseliv, landbruk og lokalsamfunnsutvikling Vestland fylkeskommune Sogndal Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Seksjonssjef Endre Høgalmen
95207789

Søknadsfrist

11. august 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Har du lyst til å vere med og utvikle Vestland?

Vi har ledig ei eitt-årig traineestilling for deg som har lyst til å arbeide med reiseliv, landbruk og lokalsamfunnsutvikling i avdeling for innovasjon og næringsutvikling. Samstundes får du ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram, med faglege og sosiale samlingar, og høve til å bygge nettverk i heile fylket.

Arbeidsoppgåver

Som trainee hos oss vil du i hovudsak arbeide med utvikling av lokalsamfunna våre. Som ein del av dette vil du ha oppgåver knytt til næringsutvikling, m.a. innan reiseliv og landbruk. Arbeidet skjer i samarbeid med gode kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.

Du vil vere knytt til seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv i avdeling for innovasjon og næringsutvikling. Avdelinga har kontorplassar i Leikanger, Bergen og andre stader i fylket. Det vil kunne bli noko reising i samband med traineeåret ditt.

Kvalifikasjonskrav

Relevant utdanning på bachelor eller masternivå, og maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt utdanning.


Om deg

Du har gode samarbeidsevner, vilje til å lære og er oppteken av å utvikle lokalsamfunna våre.

Du er strukturert og sjølvstendig, og fleksibel, kreativ og løysingsorientert.

Vi tilbyr

Som trainee vil du få eit interessant og lærerikt år med allsidige arbeidsoppgåver. Du vert kjent med både fylkeskommunen og samarbeidspartnarane våre gjennom praktisk arbeid.

Vi kan tilby eit godt og utviklande arbeidsmiljø der du arbeider saman med dyktige kollegaer. Ein mentor vil støtte deg i arbeide ditt. Vi kan hjelpe deg til å finne bustad.

Gjennom samlingane i regi av Framtidsfylket sitt trainee-program, vil du utvikle deg saman med traineear frå andre organisasjonar. Her finn du meir informasjon om Framtidsfylket sitt trainee-program.

Vi tilbyr elles:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Andre opplysningar

  • Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktperson.
  • Arbeidsstad i fylkeshuset i Leikanger i Sogndal kommune.
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.


Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.