Nordfjord
I Nordfjord får du jobbe midt i ei unik blanding av naturressursar, industri og nyskaping. Her er fjorden, fjella og kysten ikkje berre kulissar – dei er sjølve grunnlaget for jobbane. Resultatet er eit variert arbeidsliv med høg aktivitet, der du er ønska og kan få meir ansvar raskare enn i ein storby.

Skap verdiar lokalt og internasjonalt!
Nordfjord har eit allsidig næringsliv der industrien står sterkt, med alt frå matproduksjon og båtbygging til avanserte material og teknologi – ofte med marknader langt utanfor regionen. Eit datasenter bygd inne i ei nedlagd
gruve, kjølt med fjordvatn, med internasjonale kundar, er eksempel på kva fantastiske ting som blir skapt i regionen. Samstundes er havet ein viktig motor, med mange jobbar innan fiske, havbruk og maritim verksemd. Reiseliv er også ein stor del av arbeidslivet, driven av spektakulær natur og opplevingar året rundt.
Regionen har vekst innan bygg og anlegg, handel og tekniske fagmiljø, der samarbeid står sentralt. Samstundes er helse, kommune og offentlege tenester blant dei største arbeidsgjevarane i Nordfjord, med behov for alt frå pedagogar og sjukepleiarar til ingeniørar og juristar. Nordfjord har også sterke fagmiljø innan fornybar energi, kraft og forretningstenester, som gir moglegheiter for både teknologar og økonomar. Til saman gir dette eit arbeidsliv der du kan jobbe praktisk eller høgteknologisk – og vere med å skape verdiar både lokalt og internasjonalt.
Mange kjem inn i arbeidslivet i Nordfjord gjennom lærlingplass og fagbrev, og fleire av industri- og havbruksbedriftene tek inn lærlingar kvart år.
I Nordfjord er vegen kort mellom arbeidsliv, fritid og folk. Her er det er lett å bli del av eit aktivt lokalsamfunn og å knyte kontaktar på tvers av bransjar og bygder. Bu tett på toppturar, strender i verdsklasse, vikingskip og andre attraksjonar turistane reiser langvegs for å sjå, samtidig som du har ein jobb der du kan påverke retninga.
Vil du lese meir om å bu og jobbe i Nordfjord?
2348
Arbeidsgjevarar
med over 3 tilsette i Nordfjord
37
Bedriftsmedlemmar
frå Nordfjord i nettverket
26
tusen innbyggjarar
i Nordfjord
Derfor jobbar vi i Nordfjord
I Nordfjord kan du bidra til lokal verdiskaping, men også internasjonal. Naturen dannar grunnlaget for turisme og fleire eksportretta næringar, samtidig som du er ønska i offentleg sektor.
I eit slikt selskap kan eg vere med og påverke. Eg har lyst å kutte utslepp og redusere klimaendringar, og det får eg jobbe med kvar einaste dag.
Astrid Myren, SFE/Nyvinn
Nordfjord kombinerer det beste frå to verder: eit innovativt næringsliv med internasjonalt utsyn, samtidig som du har kort veg til natur, kultur og fellesskap.
Erik Koopmans, Flokk & Fjell
Eg får jobbe med spennande prosjekt, og samtidig vere der eg vil vere i kvardagen. Mange går rundt og trur dei må bu i byane, men det stemmer jo ikkje
Eivind Skrede, Ulriken Consulting
Din neste arbeidsgivar i Nordfjord
Sjekk ut våre medlemmer i Nordfjord. Kanskje finn du din neste arbeidsgivar?
-
Aspira Nordfjord
Rekneskaps‑ og rådgivingstenester
-
Bano AS
Produserer bad designet for omsorg
-
Bolseth Glass
Ledende leverandør av glassfasader
-
Bremanger kommune
Kystkommune
-
Coast Seafood AS
Norsk sjømateksportør
-
Easy Form
R&D partner
-
Elkem Bremanger
Verdsleiande smelteverk
-
Fagopplæring Elektro
Samarbeidsorgan for lærebedrifter i elektrobransjen
-
Firda Billag Buss
Transportansvar i Sunnfjord og Nordfjord

Eg trur det er lettare å få til noko på ein liten plass. I ein by blir du fort ein av mange, medan her merkar eg at folk ser meg. Eg har fått veldig mykje heiarop.
Anne-Malin Sørland Aase, Dakapo Saum
Dei kom for jobben
Kvart år takkar både erfarne og nyutdanna ja til eit arbeidsliv i Nordfjord. Dei kom for jobben, men blir for naturen, fritida, menneska og moglegheitene.
Historier frå Nordfjord
Les historia til andre som har valt Nordfjord som arbeidsstad og bli inspirert!
-

– Austlandet har klart det, no er det Vestlandet sin tur
For Anne-Malin byrja det med bestemor si symaskin. No har ho starta Dakapo Saum på Nordfjordeid, og håpar fleire vestlendingar vil plukke opp nål og tråd.
-

Fører familiearven vidare
Erik Koopmans (24) har teke over stafettpinnen i bedrifta mor hans starta. Bli kjent med den nye daglege leiaren i Flokk & Fjell!
-

Balestrending rekrutterer til Bremanger
Då Thomas flytta til Svelgen for å jobbe der eit år, var oppgåva hans å få andre til å gjere det same.
