Vilkår for medlemsnettverk i Framtidsfylket
Tenester som er regulert i avtala er:
- Bedriftsprofil på framtidsfylket.no med link til eiga rekrutteringsside
- Ein time rådgjeving frå Framtidsfylket om rekrutteringskommunikasjon og employer
branding - Enkel rådgjeving på stillingsannonser
- Marknadsføring i Framtidsfylket sine kanalar, som sosiale medium, nyheitsbrev, nettside
og karrieremesser - Medlemspris på messer og event i regi av Framtidsfylket
- Medlemspris på innhaldsproduksjon
- Tilgang til traineeprogram
Desse vilkåra regulerer bruken bedrifta nyttar av Framtidsfylket sine tenester. Dette er
tilpassa og inkludert alle eigenskapar og funksjonar, anbefalingar og vurderingar, nettsidene
våre og brukargrensesnittet med alt innhald og programvare forbunde med tenesta vår.
1. Medlemskap
1.1. Bedriftsmedlemskapet held fram eit år frå datoen ein registrerer bedrifta i
tenesta.
1.2. Pris på medlemskap er styrt ut frå tal tilsette og blir justert etter
konsumprisdexen kvart år:
0-5 tilsette: kr 3200,- eks mva
6-10 tilsette: kr 5300,- eks mva
11-20 tilsette: kr 7950,- eks mva
over 20 tilsette kr 13250,- eks mva
Særavtaler kan førekomme.
2. Fakturering og avslutte medlemskap
2.1. Faktureringsperiode
Medlemskapet er gyldig i eit år frå faktureringsdato, og blir automatisk fornya.
2.2. Avslutte medlemskap
Kontakt Framtidsfylket for å avslutte medlemskapet.
Om bedrifta avsluttar medlemskapet, stengast kontoen din automatisk ved enden av
den gjeldande faktureringsperioden.
2.5. Endringar i pris og medlemskap
Ved endring ut over indexjustering, vil du få varsel frå Framtidsfylket innan 30 dagar
før endringa trer i kraft.
3. Bruk av Framtidsfylket sine tenester
3.1. Bedrifta/organisasjonen må ha organisasjonsnummer år for å kunne bli medlem
av Framtidsfylket bedrift.
3.2. Bedriftstenesta og alt innhald som ein har tilgang til er ment for bedrifta sjølv og
kan ikkje nyttast av andre.
3.3 Du har tilgang til tenesta for bedrifta sine kontor/avdelingar i Vestland fylke.
3.4 De samtykker til at innhaldet om bedrifta på Framtidsfylket.no er tilgjengeleg for
deling og nedlasting av privatpersonar og andre bedrifter/organisasjonar.
3.5 Kvaliteten på visninga av Framtidsfylket sitt innhald kan variere frå eining til
eining, og kan bli påverka av ei rekkje faktorar. For eksempel kvar ein er, tilgjengeleg
bandbredde og/eller hastigheit på internett-tilkoplinga, brannmurar m.m.
4. Programvare
Framtidsfylket-programvara er utvikla av eller for Framtidsfylket, og skal utelukkande
brukast til formålet med tenesta. Denne programvara kan variere frå eining til eining
og medium til medium, og funksjonalitet og funksjonane kan også variere mellom
ulike einingane. Du erkjenner at bruk av tenesta kan kreve bruk av programvare frå
tredjepart som er underlagt tredjeparten sine lisensar. Du godtar at du automatisk
kan motta oppdaterte versjonar av Framtidsfylket-programvara og relatert
programvare frå tredjepart.
5. Diverse
5.1. Gjeldande lov. Desse vilkåra for bruk regulerast av, og tolkast i samsvar med
lovene i Norge. Desse vilkåra avgrensar ingen forbrukarrettar som du har krav på
under de gjeldande paragrafar i Norges lover.
5.2. Kundestøtte. Treng du meir om tenesta vår og funksjonar, eller om du treng
hjelp med din konto kontakt oss på e-post: post@framtidsfylket.no eller på telefon
99 01 78 52
5.3. Endringar i vilkår for bruk.
Framtidsfylket kan frå tid til annan revidere disse vilkåra for bruk. Vi varslar dykk
minst 30 dagar før slike endringar trer i kraft.
5.4. Elektronisk kommunikasjon.
Vi vil sende deg informasjon om kontoen din (f.eks. fakturainformasjon,
betalingsmåte, stadfestingar eller varslar) i elektronisk format til registrert e-post.
Sist oppdatert: 16.september 2026
