Nordhordland

Nordhordland er ein arbeidsregion i vekst, med sterke fagmiljø innan industri, havbruk, teknologi og offentlege tenester. Her finn du spennande jobbar, korte avstandar og gode moglegheiter til å utvikle deg, tett på naturen og Bergen, med både landlege og urbane kvalitetar.

Tett på eit næringsliv med ambisjonar

I Nordhordland får du jobbe i eit variert og framtidsretta arbeidsliv, der mange bedrifter er i vekst og på jakt etter ny kompetanse. Regionen har solide miljø innan industri, energi, havbruk og teknologi, i tillegg til viktige jobbar innan helse, oppvekst og offentleg sektor.

Her er vegen kort frå idé til gjennomføring, og du får ofte meir ansvar tidleg. Mange opplever også at fagmiljøa er tettare og meir inkluderande. Samtidig ligg Bergen berre ein kort tur unna, noko som gir deg tilgang til ein større arbeidsmarknad. Nordhordland passar for deg som ønskjer ein kvardag med fleire val og mindre logistikk – der fritida kan fyllast med alt frå øyturar og fjelltoppar til kultur, frivillig engasjement og nye vennskap, i ein region som kombinerer nærleik til Bergen med ein tydeleg eigen identitet.

Resultatet? Ein kvardag der du kan satse på karriere utan å gi slepp på verken landlege kvalitetar eller byliv. Nordhordland har ambisjonar, og no vil dei ha med deg framover.

Arbeidsgjevarar

med over 3 tilsette i Nordhordland

Bedriftsmedlemmar

frå Nordhordland

tusen innbyggjarar

i Nordhordland

Derfor jobbar vi i Nordhordland

Nordhordland har mange bedrifter i vekst innan spennande fagområde. Derfor er din kompetanse og arbeidskraft ekstra ettertrakta her.

Bedrifter i Nordhordland

Sjekk ut våre medlemmer i Nordhordland. Kanskje er dette din nye arbeidsgivar?

Dei kom for jobben

Kvart år takkar erfarne og nyutdanna ja til eit arbeidsliv i Nordhordland. Dei kom for jobben, men blir for naturen, fritida, menneska og moglegheitene.

Historier frå Nordhordland

Les historia til andre som har valt Nordhordland som arbeidsstad og bli inspirert!

Kanskje ein annan region passar deg betre?

Nordfjord
 
Sogn
 
Bergen
 
Sunnhordland
 
Sunnfjord
 
Hardanger og Voss