Om du klarar éin time med Marie Tefre Birkeland utan at ho seier at noko er gøy, er du god. Ideane haglar, ingenting er for sprøtt til å gjennomføre og det finst alltid ei løysing.
– Eg må slutte å seie ja til alt som er gøy. Blir ikkje rik av det, ler ho, mens ho set seg ned i sofaen.
– Yes, då er eg klar!
Planen om å ikkje ha ein plan
For å seie meir ja, måtte ho også seie nei. Nei til fast jobb, nei til fast inntekt og nei til faste arbeidstider. Marie nærma seg ti år i ulike faste stillingar i Sunnfjord, då ho bestemte seg for å skape (arbeids) livet ho ville ha.
– Det heile starta med at eg grunda Poden & Boden samtidig som eg jobba som kommunikasjonsrådgivar i Sunnfjord Miljøverk. Eg merka at eg hamna oftare og oftare i skvis mellom faste arbeidsoppgåver og eigne prosjekt. Kvar einaste morgon var eg førstemann ut døra, og ofte sat eg med arbeid til langt utover natta. Det kom til eit punkt der eg visste at eg ville og måtte ha eit annleis arbeidsliv. Det freista med meir fleksibilitet og fridom, samtidig som eg fekk sjansen til å hoppe på spennande prosjekt. Planen var å ikkje ha ein plan, smiler ho.
Blir trigga av det som ikkje er på stell
Ønsket om meir fridom enda i Marie as. Her bygger ho ein porteføljekarriere, og tar på seg oppdrag innan kommunikasjon, event, forretningsutvikling, prosjekt og det som elles måtte dukke opp – og som er gøy!
– Noko av det kjekkaste eg gjer er å gå inn i prosjekt som anten er i startgropa eller der ting ikkje er heilt på stell. Det trigga veldig! Der andre står fast eller har gitt opp, ser eg moglegheiter og løysingar. Det kan vere positivt for dei rundt meg, men også litt slitsamt, humrar ho.
Marie understrekar at det er denne delen ho likar best: utvikling eller oppstart.
– Eg er ikkje fullt så glad i å drifte ting. Det er då eg seier takk for meg og går vidare til neste prosjekt.

– Av og til må eg le litt. Dette er jobben min, dette er min arbeidsdag.
Likar seg best i ukjend terreng
Marie er nysgjerrig av natur. Ho likar å utforske og lære, både meir om det ho kan, men også det ho aldri har vore borte i før. Som å arrangere festival, lage filmar om vatn og avløp for kommunen eller for den saks skuld: snekre møblar til butikkane ho er medeigar i.
– Eigentleg vil eg ha fleire oppdrag i ukjend terreng. Det er då eg utviklar meg. Å vere snekkar for ein dag – altså då kosar eg meg skikkeleg, seier ho og gnir seg i hendene.
Overtenning + god energi = ny festival
Akkurat no står ho midt i det ho sjølv kallar eit drøymeprosjekt: Marie skal for første gong arrangere musikkfestival.
– I starten av 2026 ringde Tuva Fellmann meg og spurte om eg ville vere med og arrangere musikkfestival. Når Tuva ringer med overtenning frå Hellas, ein grå januardag, etter ei heftig runde med omgangssjuke i heimen, då seier du JA. Det tok meg mindre enn eit sekund å svare.
«Laksen» er ein ny musikkfestival i Sunnfjord som går av stabelen for første gong i juni 2027. Det er eventselskapet All things live, Tuva Fellmann, Ronny Brede Aase og lokale krefter som står bak.
– Det er ein fin gjeng med mykje god energi i gruppa. Du merkar at dei er sjukt proffe, og eg lærer masse kvar dag. Å skape noko folk har lyst til å vere med på, sjå forventningane og ikkje minst at folk kosar seg under festivalen. Det er DEN følelsen eg jaktar, anten eg lagar butikk eller festival, forklarar ho entusiastisk.
– Av og til må eg le litt. Dette er jobben min, dette er min arbeidsdag.

Foto: Jostein Vedvik
Fleire vil gjere som Marie
Å leve av ein porteføljekarriere er framleis ganske uvanleg. Skepsis møter ho sjeldan direkte. Tvert imot er det mange som stille innrømmer at dei kunne tenkt seg å gjere det same som ho.
– Det er overraskande mange som går rundt og mistrivst i jobben sin, fortel ho.
– Nokre seier rett ut at dei ønsker å seie opp jobben og starte for seg sjølv, og lurer på korleis eg gikk fram. Andre nærmast kviskrar når dei spør forsiktig korleis det er å drive for seg sjølv. Eg trur det handlar mest om at dei ønsker betre balansen mellom jobb og fritid.
Marie meiner du sjølv har ansvar for å skape arbeidslivet du vil ha:
– Mange kallar meg heldig, men eg er eigentleg ikkje det. Eg har også huslån og plikter, men eg tok eit aktivt val om å skape arbeidslivet eg vil ha.
Ikkje berre gøy
– Men det kan då ikkje berre vere lett og gøy å starte for seg sjølv?
– Nei. Av og til er det never ending story med e-postar, telefonar, støy og ting som hopar seg opp eller ikkje går som forventa. Då er det mitt ansvar å fikse det. Ingen andre sitt. Og eg må sjølvsagt tenke på rekneskap, løn, skatt og slike ting. Alt dette må du lære deg. Og så er det dessverre ikkje slik at alt som er gøy alltid lønar seg. Eg skulle ønske at eg kunne takke ja til alt utan å tenke på løn, sukkar ho.
Men så smiler ho igjen.
Det er så masse potensiale rundt omkring, eg blir nesten redd for at eg hoppar på meir enn eg har kapasitet til.
Vernar om fridomen
– Men no skal du høyre: Frå første dag i Marie AS har eg av prinsipp vore den siste som går ut døra heime. Å ha god tid om morgonen, følge ungane på skulen og sitte ned med den kaffikoppen, det er kanskje noko av det beste eg gjer for meg sjølv. Eg jobbar ikkje mindre, men til dei tidene eg ønsker.
Av og til må ho minne seg sjølv på kvifor ho valde å seie opp ein fast jobb og setje grenser. Spesielt når tilboda står i kø.
– Det er så masse potensiale rundt omkring, eg blir nesten redd for at eg hoppar på meir enn eg har kapasitet til. Eg likar å ha det travelt, men det er lett å slite seg ut når alt ansvaret ligg på éin person. Plutseleg har du sagt ja til for mykje, og då forsvinn fridomen og fleksibiliteten du drøymde om. Derfor prioriterer eg lange morgonar, trening på dagtid og rolege periodar mellom dei travle. Og så øvar eg meg på å seie nei.
– Vil du seie det er ein lukrativ bransje?
– Eg kunne sikkert tent meir om eg «gønna» på, men då måtte eg gitt avkall på mykje av det som gjer jobben kjekk. Det er eit verdival. Eg vil ha lågare skuldrar, tid til familien og ein arbeidskvardag eg trivst med. Eg må verne om fridomen eg har skapt meg og ikkje seie ja til oppdrag eg eigentleg ikkje har lyst til. Noko av det beste er jo samarbeidet med andre kreative og å få jobbe med menneske eg synest er flinke og inspirerande.
Snakk med andre!
Kva vil ho seie til andre som snusar på ein porteføljekarriere? Kan det bli einsamt i vesle Sunnfjord?
– Nettverk er veldig viktig. Du må vere litt «der ute» for å få både samarbeidspartar ,kundar og folk du kan sparre med. Og så er det viktig å seie ja når lokalavisa ringer. Det er så enkelt som at folk må vite om deg for at du skal selje tenestene dine.
Marie er opptatt av å knyte til seg bra folk som ho kan utveksle råd og erfaringar meg.
– Mitt beste tips er å snakke med nokon som har gjort det same som du ønsker å gjer. Sjølv kontakta eg Karianne Hartviksen for ein digital kaffikopp. Eg la merke til ho i sosiale medium og synest ho gjorde og sa masse bra. I dag er vi ein gjeng likesinna som møtast digitalt for ein prat, og det er svært nyttig.
Mykje gøy i vente
Sjølv om Marie anbefaler deg å ta tak om du mistrivst i jobben din, må du samtidig vere realistisk:
–Undersøk om det er ein marknad for det du kan tilby. Kanskje skal du ikkje seie opp jobben med ein gong, men sakte bygge deg opp nettverk og økonomi. Sjølv har eg to månadsløner ståande på ein konto. Den dagen dei er brukt opp er det kanskje på tide å sjå seg etter noko fast igjen. Men det blir ikkje med det første. Det er alt for mange gøye prosjekt med potensiale der ute, gliser ho.
Når vi går frå intervjuet, er det nokon som ropar bak oss. Ein tilsett i Sunnfjord kommune skal heise flagga på Langebrua. «Godt du kom, Marie. Eg treng litt hjelp». Marie trippar litt og ser usikkert mot rada med flagg. Så set ho frå seg veska si. «Heise flagg? Det har eg aldri gjort før. Det blir gøy!»

– Uansett kva du ønskjer å drive med, må du klare å selje det inn til nokon.
Karianne Hartviksen er høgskulelektor ved BI, bygger porteføljekarriere innan forretningsutvikling og marknadsføring og står bak podcasten «Klart du kan – Skap en karriere du liker».
Trur du vi vil sjå fleire porteføljekarrierer framover?
Ja! Generelt trur eg det vil bli vanlegare å jobbe på ulike måtar som sin eigen arbeidsgivar. Eg trur det kjem av både at fleire arbeidstakarar ønskjer det og ser moglegheitene i det, men også at arbeidsgivarar vil setje pris på fleksibiliteten denne arbeidsforma gir.
Kva tendensar elles i samfunnet er det som gjer at folk seier opp faste jobbar for å jobbe for seg sjølv?
Eg opplever at mange er leie av å kjenne seg travle i jobbar der dei finn lite meining og fleksibilitet. YS sitt arbeidslivsbarometer målte nyleg eit botnpunkt i kor mange som opplever jobben sin som meiningsfull. Kvifor det er slik, har dei ikkje noko klart svar på. Menneska eg møter, har ofte eit ønske om å leve litt annleis og/eller ein draum om å skape noko dei verkeleg har tru på.
Kva er ditt beste råd for å lukkast med denne typen karriere?
Det er freistande å svare «sal» først. Uansett kva du ønskjer å drive med, må du klare å selje det inn til nokon. Eg møter litt for mange som ikkje ønskjer å selje, men det kjem du ikkje utanom. Heldigvis betyr ikkje det at du må vere ein pågåande telefonseljar. Du må berre tore å aktivt tilby det du kan bidra med, sjølv om du kjem til å få avslag undervegs. Heldigvis er ikkje avslag farlege. Enten lukkast du, eller så lærer du noko nytt om marknaden og behova til kundane.

