Ta steget karrieremesse
Bli med på Vestlandet sitt viktigaste treffpunkt mellom arbeidsgivar og arbeidssøkar. Sikre deg standplass no og møt framtidige arbeidstakarar på Ta Steger 16. februar.
Påmeldinga for standhaldarar er open.

På Framtidsfylket karrieremesse får du som bedrift
- Møte hundrevis av besøkande med interesse for arbeidslivet i Vestland
- Nettverke med bedrifter frå heile Vestland
- Møte unge på jobbjakt
- Profilere Vestland som ein attraktiv plass å bu og jobbe 💚
Stad: Grieghallen
Messa er open for publikum: 10.00-15.00.
Vi samarbeider med Messeselskapet for bestilling av stand og messeutstyr.
Du vil få valet om kva region du vil stå i lag med. Arbeidsgivarar med fleire lokasjonar i Vestland, tilrådast til å velje Vestland.
Liten stand:
- Inntil to representantar får plass på stand og lunsj.
- Plass til to roll-up,
- Inkludert 1 Barkrakk, 1 ståbord, straum, bordskilt,
- Logo på nettsida
Pris medlem kr 16.000,- / andre kr 25.000,- eks mva
Stor stand:
- Inntil fire representantar som får plass på stand og lunsj.
- Plass til stor messevegg
- Inkludert 2 barkrakk, 1 ståbord, straum, bordskilt, skjerm og høve til å delta på karrierecup (avgrensa tal plassar – førstemann til mølla).
- Logo på nettsida og profilering i sosiale media.
Pris medlem kr 26.000,- / andre kr 35.000,- eks mva
Inkludert i både stor og liten stand får du:
- Ta del i marknadskampanjen retta mot studentar og unge jobbsøkarar i Bergen og omegn
- Marknadsføring på høgskular og universitet i Bergen veka før messa (Vi står på fysiske standar)
- Lunsj, kaffi/te, vatn
Møt framtidas arbeidsliv
Å møte dine framtidige arbeidstakarar ansikt til ansikt er kanskje det mest effektive du gjer i rekruttering. Møt studentar og arbeidssøkarar og bygg relasjonar for framtida. Kvart år har vi opp mot 1000 besøkande innom Grieghallen som er interessert i å bu og jobbe ein stad i Vestland.

Tidlegare karrieremesser
Her finn du artiklar frå tidlegare karrieremesser Framtidsfylket har arrangert.
-

– Du må få kjærasten min til å bli med heim!
Konkrete moglegheiter, jobb til partner og attraktive bustadregionar stod i fokus når bedrifter frå Vestland møtte jobbsøkarar på Ta Steget i Bergen.
