Vestlandslivet ventar på deg
Vil du vere ein del av eit robust og inkluderande arbeidsliv?
I Vestland er arbeidslivet robust, fordi det byggjer på ressursar som varer. Det er inkluderande, fordi vi ønsker fleire som deg – og fordi du blir sett. Her får du vere med og forme framtida, tett på både menneska, moglegheitene og den mektige naturen.

Ein unik arbeidsregion
Vestland ein unik arbeidsregion, for her har vi både folk og ressursar. Det gjer Vestland til Norges største eksportfylke, og eit fylke som bidrar med arbeidsplassar, til norsk økonomi og viktig utvikling. Lyst til å vere ein del av det? Sjekk ut sju regionar som ventar på deg i Vestland!

Nordfjord
I Nordfjord får du jobbe midt i ei unik blanding av naturressursar, industri og nyskaping. Her er fjorden, fjella og kysten ikkje berre kulissar – dei er sjølve grunnlaget for jobbane. Resultatet er eit variert arbeidsliv med høg aktivitet, der du er ønska og kan få meir ansvar raskare enn i ein storby.

Sunnfjord
I Sunnfjord får du jobbe tett på nokre av dei viktigaste ressursane vi har: natur, kompetanse og skaparkraft. Her finn du sterke fagmiljø og bedrifter i utvikling, innan alt frå energi og hav til teknologi, handel og helse. Det gjer regionen til ein stad der du kan utvikle deg og vere med i verdiskapinga.

Sogn
I Sogn finn du spennande jobbar både i næringslivet og i ein sterk offentleg sektor, tett på spektakulær natur og leikne, aktive innbyggarar. Her står industri, fornybar energi, teknologi, utdanning, landbruk og reiseliv sentralt, og den lokale verdiskapinga er stor. Sterke fagmiljø gir deg sjansen til ein solid karriere i Sogn.

Nordhordland
Nordhordland er ein arbeidsregion i vekst, med sterke fagmiljø innan industri, havbruk, teknologi og offentlege tenester. Her finn du spennande jobbar, korte avstandar og gode moglegheiter til å utvikle deg, tett på naturen og Bergen, med både landlege og urbane kvalitetar.

Sunnhordland
Arbeidslivet i Sunnhordland er prega av ein sterk, innovativ og eksportretta industri, og har nokre av landets fremste aktørar innan grøn omstilling. Her får du eit variert arbeidsliv tett på sjøen, med sterke industrimiljø, spennande bedrifter og ein viktig offentleg sektor.

Bergen og omegn
Bergen og omegn er ein arbeidsmarknad med sjeldan breidde og ein kraftig motor for Vestland. Her finn du alt frå internasjonale teknologimiljø og finanshus til industribedrifter, havnæringar og gründerar som utviklar løysingar for framtida.

Hardanger og Voss
Hardanger og Voss er langt meir enn ein reiselivsdestinasjon. Dette er ein region med sterke industrimiljø, stor produksjon av fornybar energi, ei innovativ mat- og fruktnæring og bedrifter som utviklar løysingar for framtida. Regionen står for betydeleg verdiskaping og tilbyr deg eit arbeidsliv som kombinerer tradisjonar med nytenking.
Historier frå Vestland
Vi fortel historia til dei som har valt Vestland. Les og bli inspirert!
-

Marie jaktar den gode opplevinga
Mange lengtar etter eit annleis arbeidsliv. For Marie handla det om å kunne seie meir ja til det som er gøy.
-

Fann kvardagen dei leita etter i Dale
Då Bjarte Grytli Seim og kona flytta heim frå Malaysia i 2017, låg alt til rette for eit komfortabelt comeback til Oslo.
-

– Her treng du ikkje meine det same som sjefen
Då Kristoffer tok ein bachelor i marin teknikk i Bergen, var det aldri med mål om å ende opp som utviklar i ei oppstartsbedrift i Holmedal.

Det viktigaste for meg var å jobbe med klima og miljø. Og så er det kjempefint å kome seg ut i distriktet. Det er mykje som skjer i Sogndal.
Bror Kristian Raanaas, Vestlandsforsking.
Dei kom for jobben
Kvart år takkar erfarne og nyutdanna ja til eit arbeidsliv i Vestland. Dei kom for jobben, men blir for naturen, fritida, menneska og moglegheitene.
