Om Framtidsfylket

Vestland har eit stort mangfald av spennande arbeidsplassar. Vi i Framtidsfylket jobbar dagleg for å gjere desse arbeidsplassane kjent for folk i heile landet.

Det gjer vi gjennom

Mål om vekst 
Hovudmålsetnaden til Framtidsfylket er vekst og verdiskaping for Vestland. Vi jobbar rett og slett med å få kompetent arbeidskraft til fylket.
Heilt sidan selskapet vert etablert som eige AS i 2009, har fleire aktørar samla seg om arbeidet.

Framtidsfylket er eigd av 36 verksemder frå både privat og offentleg sektor. Vi er opptekne av samarbeid, og ønsker at tenestane våre er tilgjengeleg for alle.

 

Har du spørsmål, gode innspel eller berre har lyst på ein hyggeleg prat?  Kontakt oss gjerne!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.