Gondolbane08 768x512

Tenester vi tilbyr

Framtidsfylket er eigd av- og jobbar for næringslivet i Sogn og Fjordane. Vår oppgåve er å vise fram arbeidsplassane fylket har å by på og vere ein felles rekruttering- og kommunikasjonsplatform.

Tenester for di bedrift:

Legg ut ledige stillingar og finn kandidatar på framtidsfylket.no

Som medlemsbedrift i Framtidsfylket får du full tilgang til vår Cv-database med over tusen cv-ar frå personar som er interessert i ei framtid i Sogn og Fjordane. Her er alle typar bakgrunnar og fagfelt, og tenesta har gode verktøy for å søke fram din kandidat.

På portalen kan du også legge ut ledige stillingar. Desse blir sent til alle som har cv innan fagfeltet du søkjer, dei blir delt på framtidsfylket.no, på facebook og nokre blir tatt med i nyheitsbrevet.

Tenesta er stadig i utvikling, og fleire nye funksjonar blir lansert våren 2017.

Trykk her for å lese meir og sjå vilkår

Vis fram bedrifta og møt arbeidstakarar på karrieremesser

Kvart år arrangerer Framtidsfylket eigne karrieremesser for bedrifter frå Sogn og Fjordane i Trondheim og Bergen. Sogn og Fjordane har eit mangfaldig næringsliv og ein stor variasjon av arbeidsplassar som altfor få som kjenner til.

Karrieremessene er blitt eit viktig arena der mennesker og bedrifter møter, og mange får sitt fyrsteinntrykk av kva framtid Sogn og Fjordane kan by på. Ver med å promotere bedrifta di, møt kandidatar og vis fram kva fylket har å by på.

Karrieremessa i Trondheim
Dato: 25. januar
Stad: Scandic Lerkendal

Karrieremessa i Bergen
Dato: 13. februar
Stad: Grieghallen

Trykk her for å lese meir om

 

Bli ein attraktiv arbeidsgivar – tilsett ein trainee

Ein trainee er ein person med fullført høgare utdanning som er klar for arbeidslivet. Treng du fersk kompetanse?

Ein trainee er tilsett i bedrifta di i eit år, og får vere med på eit opplegg med resten av traineekullet med fokus på personlig utvikling. Traineeordninga er blitt kjend over heile landet og fikk i 2017 inn over 1000 søknader.

Traineeane byggjer eit sterkt nettverk, både seg imellom og til næringslivet i fylket.

Trykk her for å lese meir om det å vere traineebedrift