Vil du vere sommarvert på Vågsberget? Bilde

Sommarvert

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vil du vere sommarvert på Vågsberget? Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Sunnfjord Sommerjobb
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Logo

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Gota 16
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Museumsvert Hilde Wiik
98269854

Søknadsfrist

16. april 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vågsberget handels- og gjestgjevarstad ligg idyllisk til 5 km utanfor Måløy, og er ein av publikumsarenaene til Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Dei seks freda bygningane gjer Vågsberget til ein av det best bevarte handels- og gjestgjevarstadane i landet. I sommarsesongen omfattar publikumstilbodet vårt utstilling, omvisingar i hovudhuset og krambua, samt enkel kafe i driftsbygningen.

Arbeidsoppgåver

Sommaren er normalt ei travel tid på museet, med mange besøkande som vil oppleve handels- og gjestgjevarstaden.

Som sommarvert spelar du ei viktig rolle i sesongavviklinga, og du vil ta del i og løyse mange oppgåver på museet, både åleine og saman med andre.

Arbeidsoppgåver for sommarvertane vil vere:

  • Gje informasjon og yte sørvis til besøkande på museet
  • Førstelinjetenester i resepsjonen (telefon og billettar)
  • Kafe (matlaging, servering, oppvask, innkjøp)
  • Enkle reinhaldsoppgåver og førebyggande smittevernstiltak
  • Omvising på norsk og engelsk
  • Enkelt stell av uteområde

I tillegg til opplæringa og oppfølginga du får frå museet sine tilsette ved oppstart, må du delta på digitalt INTRO-program laurdag 29. april 2023.

Arbeidet følgjer vaktplan, normalt med arbeidstid i tidsrommet 11:30-17:15 torsdag til søndag perioden 22.06.2023-13.08.2023.

Om deg

  • er fødd seinast i 2005
  • er flink til å uttrykke deg munnleg på norsk og engelsk
  • trivst i vertskaps- og omvisarrolla
  • har interesse for og likar å formidle kulturhistorie
  • tilpassar deg og trivast med variasjon i arbeidsoppgåver
  • er stødig og til å lite på
  • har ordenssans
  • er open og omgjengeleg

Vi tilbyr

Som sommarvert på Vågsberget vil du vere tilsett i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, avdeling kulturhistorie.

Sommarvertar blir løna som timelønstilsette i samsvar med satsar i Landsoverenskomsten (VIRKE). Kveldstillegg for vakter etter 17:00, og helgetillegg for vakter laurdag og søndag.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Kulturbilde