Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Vil du vere sommarvert på Sogn Fjordmuseum? | Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane | Sogndal | Sommerjobb |
Sogn Fjordmuseum ligg ved Amlabukti på Kaupanger, og er del av De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.
På Fjordmuseet får du lære om livet på og ved fjorden gjennom fleire hundrerår, og utstillingane formidlar fjorden som matfat, næringsveg og ferdselsåre. På museet finn du også den eldste baren i Sogn: Glaværstova som opphaveleg var skjenkestove i Gulen.
Museet held ope i sommarsesongen, og har enkel kiosk.
Sommaren er normalt ei travel tid på museet, med mange besøkande som vil oppleve utstillingane og utemiljøet ved Amlabukti.
Som sommarvert spelar du ei viktig rolle i sesongavviklinga, og du vil ta del i og løyse mange oppgåver på museet, både åleine og saman med andre.
Arbeidsoppgåver for sommarverten vil vere:
I tillegg til opplæringa og oppfølginga du får frå museet sine tilsette ved oppstart, må du delta på digitalt INTRO-program for alle sommarvertar laurdag 29. april 2023.
Arbeidet følgjer vaktplan, normalt med arbeidstid i tidsrommet 11:00-16:00 onsdag til søndag perioden 19.06.2023-13.08.2023.
Som sommarvert på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum vil du vere tilsett i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, avdeling kulturhistorie.
Sommarvertane blir løna som timelønstilsette i samsvar med satsar i Landsoverenskomsten (VIRKE). Kveldstillegg for vakter etter 17:00, og helgetillegg for vakter laurdag og søndag.