Sunnfjord Miljøverk IKS Hovedbilde

Gjenvinningsoperatør

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vil du være ein nøkkelperson på driftssida i selskapet vårt? Sunnfjord Miljøverk IKS Sunnfjord Fulltid
Sunnfjord Miljøverk IKS Logo

Sunnfjord Miljøverk IKS

Einestølen
6815 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Kjell Bu
905 02 589

Søknadsfrist

17. mars 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vi søkjer ein gjenvinningsoperatør til SUM sitt hovudanlegg på Einestølen. På Einestølen driftar SUM ein gjenvinningsstasjon, eit deponi og ein omlastings- og sorteringshall for avfall. Det er også her SUM sin administrasjon har kontor. Som gjenvinningsoperatør hos oss blir du del av eit tverrfagleg fellesskap med dyktige kollegaer som har ei viktig rolle i lokalsamfunnet. Vi skal hjelpe innbyggjarane i vårt område til å bli best i vest på gjenvinning og avfallshandtering, og for å få til det treng vi personell med auge for rett handtering.

Arbeidsoppgåver

  • Rettleiing av kundar og leverandørar i samband med sortering og handsaming av avfall
  • Kontroll, rettleiing og elektronisk registrering av kundar
  • Mottak, sortering og vurdering av alle typar avfall
  • Bruk av maskiner og utstyr etter behov og kompetanse
  • Anna arbeid som ligg i SUM si drift

Arbeidsoppgåvene vil kunne tilpassast dine erfaringar, ønskjer og kompetanse.

Kvalifikasjonskrav

  • Fordel med fagbrev
  • Grunnleggjande datakunnskap
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk
  • Relevant erfaring
  • Maskinførarbevis (M2 og M4)
  • Truckførarbevis

Personlege eigenskapar vil kunne vege opp for manglande formell kompetanse. Naudsynt opplæring vil bli gjeve.

Om deg

Det viktigaste for å lukkast i denne stillinga er at du er glad i å arbeide og trivast med varierte arbeidsoppgåver, uansett om det er på lag med andre eller aleine. Har du i tillegg godt humør, er serviceinnstilt og ser løysingar der andre ser problem, er du den vi leitar etter.

Vi tilbyr

  • Trygg jobb i ein trygg bransje og ein arbeidsplass i vekst
  • Konkurransedyktige vilkår og pensjon i KLP
  • Moglegheit for å ta fagbrev i gjenvinningsfaget
  • Kompetanseheving: Deltaking på kurs og konferansar, nettverk og moglegheit til å hospitere hos andre renovasjonsselskap
  • Varierte oppgåver og moglegheit til å jobbe innanfor ulike fagfelt
Sunnfjord Miljøverk IKS Kulturbilde