Vil du jobbe med kulturlandskap og landbruk med historiske driftsmetodar? Bilde

Gardsmedarbeidar sesong

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vil du jobbe med kulturlandskap og landbruk med historiske driftsmetodar? Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Sogndal Sommerjobb
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Logo

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Gota 16
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Aud Ross Solberg
47 45 27 68

Søknadsfrist

25. februar 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

På Vestreim i Sogndal kommune finn du eitt av landets eldste og største friluftsmuseum. Dei kulturhistoriske bygningane ligg i eit flott natur- og kulturlandskap med slåttemarker, åkrar og beiteområde. I sommarsesongen er det høg aktivitet på museumsgarden, og husdyr som kyr, sau, gris og høner skapar liv og gjer museet til ein attraktiv besøksstad for store og små.

I hovudbygningen finn du utstillingar, så vel som kafe og museumsbutikk.

Arbeidsoppgåver

Sommarsesongen på museumsgarden er normalt ei travel tid, med mange besøkande som vil oppleve kulturlandskapet, helse på dyra og lære om tradisjonelle driftsmetodar på ein gard slik ein gjorde for kring 150 år sidan.

Som gardsmedarbeidar vil du vere museumsbonden sin sesongmedhjelpar i små og store oppgåver:

  • Drift og skjøtsel av slåttemark, åker og beite
  • Demonstrasjon og formidling av tradisjonelle skjøtselsmetodar, kulturlandskapstypar og husdyrhald
  • Tilsyn og stell av husdyr som kyr, sau, gris og høner
  • Vedlikehald og reperasjon av reiskap og gjerder
  • Andre førefallande oppgåver

I tillegg til opplæringa og oppfølginga du får frå museet sine tilsette ved oppstart, må du delta på digitalt INTRO-program for alle sommarvertar og sesongtilsette laurdag 29. april 2023.

Arbeidet følgjer vaktplan, normalt med arbeidstid i tidsrommet 07:00-14:30 måndag til fredag i perioden 26.06.2023-28.07.2023.

Kvalifikasjonskrav

  • er fødd seinast i 2005
  • har førarkort kl. B og/eller kl. T
  • har erfaring frå arbeid med husdyr og landbruk
  • har erfaring med bruk av traktor og landbruksmaskiner
  • har interesse for og likar å formidle kulturlandskap og historiske driftsmetodar
  • likar praktisk utearbeid
  • tilpassar deg og trivast med variasjon i arbeidsoppgåver
  • er stødig og til å lite på
  • har ordenssans
  • er open og omgjengeleg

Vi tilbyr

Som sesongmedarbeidar på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum vil du vere tilsett i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, avdeling kulturhistorie.

Sommarvertane blir løna som timelønstilsette i samsvar med satsar i Landsoverenskomsten (VIRKE). Kveldstillegg for vakter etter 17:00, og helgetillegg for vakter laurdag og søndag.

Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Kulturbilde