Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Sunnfjord Miljøverk | Sunnfjord | Fulltid |
Vil du bidra til at innbyggjarane våre blir best i vest på sirkulær økonomi? Kan du skape den gode kundeopplevinga for våre kundar og abonnentar? Då håpar vi du les vidare.
Er du vår nye kundekonsulent? Vi søker to kundekonsulentar til å handtere smått og stort av henvendelsar og saksbehandling for våre kundar og abonnentar i Sunnfjord. Her blir du del av eit tverrfagleg fellesskap med dyktige kollegaer som har ei viktig rolle i lokalsamfunnet. Vi skal hjelpe innbyggjarane våre gjennom det grøne skiftet, og for å få til det treng vi nokre engasjerte kundekonsulentar med på laget.
Arbeidet går i hovudsak ut på å handtere henvendelsar frå kundane våre - om alt frå fakturaspørsmål til spørsmål om slamhandtering - og elles drive informasjonsarbeid om tenestene våre. Du vil jobbe tett med kundesenteret vårt og fungere som eit bindeledd mellom abonnentane våre og resten av organisasjonen. Dette inkluderer:
Andre oppgåver kan komme i tillegg. Dette er nyoppretta stillingar og vi vil kunne tilpasse stillinga etter dine ønskjer, erfaring og kompetanse.
Du kan vere enten nyutdanna eller erfaren. Vi skjer etter to kundekonsulentar og vil sjå dei to stillingane i samanheng og prøve å finne ein god match av kompetanse og erfaring, då de vil jobbe tett saman og forhåpentlegvis utfylle kvarandre. Du vil få opplæring i alt du skal gjere, men det er ein fordel om du har:
Det viktigaste for å lukkast i denne stillinga er at du er komfortabel med kundekontakt og at du kan kommunisere godt med ulike kundegrupper. Vi dekkjer heile befolkninga i området vårt, så du må kunne forstå og snakke med menneske i alle aldrar og med ulike utgangspunkt. Har du i tillegg godt humør og ser løysingar der andre ser problem, er du den vi leitar etter.