Vi søkjer deg med hjarte for formidling av kulturarv! Bilde

Museumspedagog

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vi søkjer deg med hjarte for formidling av kulturarv! Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Hyllestad Fulltid
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Logo

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Gota 16
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Synnøve S. Bjørset
90 85 23 34

Søknadsfrist

5. mars 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

I avdeling kulturhistorie har vi ledig stilling som museumspedagog (80%) med hovudarbeidsstad i Kvernsteinsparken. Vi søkjer etter ein engasjert, strukturert og kreativ person som vil vere med på å utvikle og styrke museet som arena for kunnskap og opplevingar.

Som museumspedagog vil du ha oppgåver og ansvar knytt til planlegging, gjennomføring og evaluering av museet sitt formidlingstilbod til ulike målgrupper:

  • pedagogiske formidlingsopplegg for born og unge i skule og barnehage
  • formidlingsopplegg og omvisingar for andre målgrupper
  • arrangement, verkstader og aktivitetar
  • formidlingsløyper og utstillingar
  • formidling på digitale flater

Du vil arbeide med både teoretiske, utøvande, praktiske og administrative oppgåver.

Stillinga rapporterer til avdelingsdirektør kulturhistorie, medan det daglege arbeidet på museet blir koordinert av museumsleiar. I tillegg til å vere del av det stadlege teamet i Kvernsteinsparken, vil du også bidra til å løyse oppgåver i avdelinga, i samarbeid med andre museumspedagogar i musea våre, og på andre formidlingsarenaer.

Arbeidet vil vere prega av sesongsvingingar, og du må rekne med intensive arbeidsperiodar, så vel som noko arbeid på kveldstid og i helg. Stillinga har noko reiseverksemd i samband med deltaking på eksterne og interne arrangement.

Avhengig av kompetansen din og behova i organisasjonen, kan det vere aktuelt å utvide stillinga til 100% med andre typar oppgåver. Dette vil vere del av dialogen i rekrutteringsprosessen.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer deg som har:

  • høgare utdanning innan kulturhistoriske fag eller andre fag relevante for stillinga (minimum bachelor)
  • interesse for og kunnskap om kulturhistorie, formidling og pedagogikk som fag
  • gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • praktiske ferdigheiter og kunnskapar innan tradisjonshandverk, som t.d. stein- og metallarbeid
  • erfaring med utøvande formidling for born og unge
  • erfaring med pedagogisk tilrettelegging
  • erfaring med innhaldsproduksjon og formidling på digitale flater
  • førarkort kl. B

Arbeidsgjevar vil tilby kurs/HMT-sertifiseringar ved behov.

Om deg

Vi søkjer deg som:

  • er trygg i formidlarrolla
  • er omgjengeleg og har gode samarbeidsevner
  • arbeider sjølvstendig, metodisk og systematisk
  • er stødig og til å lite på
  • trivst med utfordringar og variasjon i arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum der vi formidlar historia om eitt av dei største kvernsteinsbrota i Nord-Europa. Naturgjevne føresetnar var grunnlaget for å etablere ein storstila industri der kvernsteinar i hundretusental vart distribuert til inn- og utland frå vikingtid og heilt fram til tidleg 1900-tal.

Steinhoggarane sin produksjon av livets steinar sikra kornmat som ei av dei viktigaste næringskjeldene våre, men også religiøse monument som steinkrossar og bygningsdelar som ljorestein vart forma ut av granatglimmerskiferen.

Kvernsteinsparken er etablert som ein formidlingsarena med visningsbrot og formidlingsløyper i eit større brotlandskap som breier seg over eit område på kring 27 000 dekar.

Formidlingsopplegg for skular, barnehagar og andre målgrupper er eit heilårleg tilbod, medan vi i sommarhalvåret har arrangement, aktivitetar/verkstader i tillegg til enkel kafe og museumsbutikk. Ein kjerne i formidlingstilboda våre er ulike handverksteknikkar og den immateriell kulturarven.

I Kvernsteinsparken finn du ei fleire grindbygg med funksjon resepsjon, forsamlingslokale med grue, smie, reiskapsskjul, vedskjul - og to kalkomnar. Frå hausten 2023 vil tilsette ha kontorplass i eige administrasjonsbygg.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Kulturbilde