Digitaliseringsdirektoratet Hovedbilde

Seksjonssjef

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vi søker seksjonssjef for marknad- og tenesteoppfølging Digitaliseringsdirektoratet Sogndal Fulltid
Digitaliseringsdirektoratet Logo

Digitaliseringsdirektoratet

Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger, Noreg
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Nina Olsen Munthe
412 17 046

Søknadsfrist

13. november 2023 Søk på stillinga her

Digdir utviklar, forvaltar og driftar ei rekke fellesløysingar som er i bruk av heile offentleg sektor. Fellesløysingane er digitale byggeklossar som offentlege verksemder og kommunar bruker når dei skal lage tenester for innbyggarar, næringsliv og frivillig sektor.

I avdeling for fellesløysingar har vi ledig stilling som leiar for seksjon marknad- og tenesteoppfølging.

Høyr avdelingsdirektør Nina Olsen Munthe fortelje om stillinga i denne videoen: https://vimeo.com/876869884?share=copy

Seksjonssjefen inngår i leiargruppa i avdelinga og rapporterer til avdelingsdirektør. Stillinga er fast og arbeidsstad er ved Digdirs avdeling på Leikanger, der i vi i dag er 130 tilsette. Det må reknast med noko reising. Seksjonen har 23 tilsette og har ansvar for den daglege forvaltninga av fellesløysingane og oppfølging av over 1600 kundar og partnarar.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelor nivå. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet til utdanning
  • Har god teknologiforståing
  • Leiarerfaring på strategisk og/eller operativt nivå
  • God skriftleg og munnleg fremstillingsevne på norsk

Bør ha erfaring innan offentleg forvaltning, eventuelt ha jobba med offentlege verksemder.

Vi søkjer deg som

  • er ein trygg og tillitsfull leiar som kommuniserer godt
  • er god på å bygge team og sette felles retning
  • er analytisk og har eit strategisk perspektiv
  • er resultatorientert og kunne gjere tydelege prioriteringar i tråd med Digdirs mål og strategiar
  • arbeider for ein organisasjonskultur preget av openheit, humor og fagleg integritet

Vi tilbyr deg

  • eit motiverande samfunnsoppdrag: Digdir skal vere regjeringas fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering
  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • løn som seksjonssjef i spennet kr 870 000 - 1 010 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • opning for to timar trening i veka i arbeidstida

Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen. https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise