Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) er i gang med å planleggje eit nytt og moderne avfallsanlegg på Moskog. Vi ser no etter ein erfaren og engasjert prosjektleiar som vil vere med å forme framtidas miljøløysingar og sikre ei berekraftig avfallshandtering for regionen
Om stillinga:
Som prosjektleiar hos oss får du eit heilskapleg ansvar for planlegging og gjennomføring av anleggsprosjekt - frå tidlegfase og utgreiingar til gjennomføring og overlevering.
Du vil arbeide med å utvikle framtidsretta løysingar innan avfall og miljø, i tett samspel med både interne og eksterne aktørar. Stillinga gir deg varierte og meiningsfylte oppgåver, der du får vere med på å forme berekraftige anlegg som betyr mykje for lokalsamfunn.
Dine hovudoppgåver blir:
- Leie planlegging og prosjektering av nye avfallsanlegg frå idéfase til ferdigstilt anlegg.
- Utarbeide prosjektplanar, framdriftsplanar, budsjett og risikoanalysar.
- Sørgje for god dialog med relevante myndigheiter og sikre nødvendige godkjenningar og løyve (t.d. byggesøknader og utsleppsløyve).
- Koordinere og følgje opp rådgivarar, entreprenørar og leverandørar.
- Sikre at tekniske løysingar er framtidsretta, kostnadseffektive og miljøvennlege.
- Følgje opp kontraktar, anbod og innkjøp i tråd med offentleg regelverk og interne rutinar.
- Sørgje for god dokumentasjon og rapportering gjennom heile prosjektet.
- Ansvar for framdrift, kvalitet, HMS og økonomistyring i prosjektet..-.
- Samarbeide tett med drift og andre interne funksjonar for å sikre gode overleveringar og brukartilpassa løysingar.
- Rapportere til prosjektstyre og leiing, og leggje fram status og avvik ved behov.
Vi ser etter deg som har:
- Relevant høgare utdanning innan bygg, anlegg, ingeniørfag eller prosjektleiing.
- Erfaring med større bygge- eller infrastrukturprosjekt, gjerne innan avfall, miljø eller offentleg sektor.
- God kjennskap til offentlege anskaffingar, prosjektstyring og risikohandtering.
- Evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og målretta.
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr:
- Ei nøkkelrolle i eit samfunnsnyttig og framtidsretta prosjekt.
- Konkurransedyktige vilkår og fleksibel arbeidstid.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- God tenestepensjon og forsikringsordningar.