Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Aurland kommune | Aurland | Fulltid |
Me vil gjerne ha kontakt med deg
som ynskjer å gjere ein forskjel, og bidra til god livskvalitet og meiningsfull kvardag for våre tenestemottakarar. Bu- og miljøtenester skal gje omsorg og oppfølging til yngre menneske med ulik fungering, der meistring av kvardagslege aktivitetar og sosial deltaking står i fokus. Stillinga er for tida plassert i bufelleskap med heildøgnsbemanning som yt tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Avdelinga deltek i KS sitt CRPD-læringsnettveket med fokus på fagutvikling og sikre gode tenester til mennesker med funksjonsnedsetting.
Stillinga er eit vikariat frå den 01.08.2023 til og med 01.02.2024. Det er turnus med langvakter, og den er knytta til bufelleskapet med heildøgnsbemanning.
Arbeidsoppgåver
Delta i prosjektarbeid, ha fagleg ansvar for utvikling av tenestene
Miljøarbeid, rettleiing og oppfølging av tenestemottakar i høve vedtak
Medisinhandtering
Samarbeid med pårørande, verje og andre tenesteytarar
Primærkontaktoppgåver
Bistå tenestemottakar i daglege gjeremål
Praktiske gjeremål i heimen til tenestemottakar
Andre delegerte oppgåver frå leiar
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som vernepleiar eller anna 3 årig helse-/ sosialfagleg utdanning
Offentlig godkjent helsefagarbeider (hjelpepleiar/omsorgsarbeidar) kan også søke
Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med brukarar med samansette lidinger og utviklingshemming
Ynskjeleg med kunnskap om målretta miljøarbeid
Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
Personlege eigenskapar
Personleg eigenskap og gode samarbeidsevner vil bli vektlagt
Fagleg engasjement, evne til å rettleie andre, arbeide sjølvstendig og i team
Reflektert, ansvarsbevisst og bevisst på eigne haldningar og verdiar
Fleksibel, strukturert og evne til nytenking
Me tilbyr
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjebasseng etter kl. 20.00
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å skaffe arbeid til partner
Sjå gjerne også informasjonsbrosjyra til Aurland kommune ved å lime inn denne web-lenka i søkefeltet:
https://www.visbrosjyre.no/Aurland_kommune/WebView/
Krav til språkkunnskapar
Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Gode engelskkunnskapar tel positivt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Stillinga er i turnus, fordelt på dagvakter og kontorvakter.
Det er eit ynskje at du har sertifikat.
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetting.