Er du Solund sin nye vaktmester?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vaktmester Solund kommune Solund Fulltid

Solund, øyriket ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på både sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.

Solund kommune har ledig 100% fast stilling som vaktmester i utetenesta.

Den som vert tilsett vil inngå i det humørfylte og dyktige teamet vårt som skal ivareta drift og vedlikehald på kommunen sine bygningar, anlegg og kommunale vegar. Kommunen har per i dag også ansvaret for vedlikehaldet på fylkesvegen i Ytre Solund.

Vi søkjer etter ein person med relevant utdanning og praksis. Søkjar må kunne handtere tildeling av arbeidsoppgåver via data.

Den som søkjer må ha evne til raskt å setje seg inn i nye arbeidsområde, arbeide systematisk og sjølvstendig, vere omgjengeleg og lett å samarbeide med. Vidare må vedkomande ha førarkort klasse B og beherske norsk munnleg og skriftleg. Kommunen er i ferd med å etablere teknisk vakt. Søkjar må pårekne å inngå i vaktordninga når den vert innført.

Det er ynskjeleg at den me søkjer også vert del av Solund Brann og Redning ved Hardbakke Brannstasjon som brannkonstabel, men det er ikkje eit krav. Vedkomande vil få naudsynt opplæring.

Me kan tilby ein variert og humørfylt kvardag saman med dyktige kollegaer, ein trygg og god arbeidsplass som er opptatt av at arbeidsdagen din skal vere god.

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Les meir om medlemsfordelane i KLP her.

Solund kommune vil så langt det let seg gjere vere hjelpsam med å skaffe bustad.

Tilsetjing skjer elles i tråd med hovudtraiffavtalen. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk.

Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.

Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem, For å søkje på stilling hjå oss, må du opprette eigen brukaridentitet og passord i EasyCruit. Søknadar som ikkje vert levert elektronisk vert ikkje vurdert vidare i prosessen.

Offentleg søkjarliste:

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Velkomen som søkjar!

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.