Digitaliseringsdirektoratet Hovedbilde

Vil du bidra til eit digitalt, datadrive tilsyn?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Utviklar Digitaliseringsdirektoratet Sogndal Fulltid
Digitaliseringsdirektoratet Logo

Digitaliseringsdirektoratet

Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger, Noreg
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jørn Stenehjem, seksjonsleiar
911 46 279

Søknadsfrist

24. oktober 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Ikt-løysingar i Noreg skal vere universelt utforma. Dette gjeld nettstader, appar og automatar. Tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet fører tilsyn med at private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar etterlever forskrift om universell utforming av ikt. Tilsynet rettleiar om universell utforming av ikt og jobbar for eit samfunn utan digitale barrierar.

Til desse spennande oppgåvene søker vi no etter utviklar. Primært senior, men også nyutdanna vil bli vurderte.

Vi søkjer deg som vil bli ein del av eit av Norges fremste kompetansemiljø innan systemutvikling. Vi har alltid fokus på sikkerheit og tilgjengelegheit, samtidig som vi arbeider med spennande teknologiar.

Vi ønsker å bygge trivelege og effektive arbeidsmiljø med sterke fagpersoner på alle våre lokasjoner, og vi ansetter derfor med tilknytning til et fast arbeidssted. Samtidig har vi veldig gode og fleksible ordninger for bruk av hjemmekontor og legger godt til rette for en fleksibel hverdag for våre medarbeidere på Helgeland, i Sogn og i Oslo-regionen.

Dine oppgåver

  • Systemutvikling i eit smidig produktteam
  • Delta i design, utvikling og forvaltning av tenester for tilsyn for universell utforming
  • Jobbe med avansert arkitektur ved bruk av sky-teknologi
  • Bidra til automatisering, kontinuerleg integrasjon & deploy i vår byggepipeline
  • Vere pådrivar for kvalitet i kodeleveranse

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • bachelor- eller masterutdanning innan programmering og systemutvikling. Lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for kravet til mastergrad
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Er du nyutdanna er vi opptekne av at du har gode resultat i utdanninga og relevante fagsamansetningar. Vi er opptekne av at du har erfaring frå arbeidslivet og det å arbeide både sjølvstendig og saman med andre.

Avhengig av erfaring og utdanning ønskjer vi at søkarane har god kunnskap og erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område:

  • Systemutvikling i Java, gjerne med god kjennskap til Spring-rammeverket
  • Løysingsarkitektur med skyløysingar som støttar kontinuerlege leveransar
  • Teamarbeid med utvikling basert på smidige metodar
  • Kvalitet i kodeleveranse inkludert modellering, "clean code", testing og universell utforming

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • jobbar godt sjølvstendig og i team
  • er løysingsorientert og tek initiativ når du ser nye moglegheiter
  • har god evne til å vidareformidle kunnskap og kommunisere klart med leiinga og dine kollegaer
  • er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk

Vi tilbyr deg

Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen.

I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?

Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

Seksjonsleiar Jørn Stenehjem
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no
Telefon: 911 46 279

Seniorrådgivar Øystein Høyum
E-post: oystein.hoyum@digdir.no
Telefon: 415 67 869

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.