Ute etter sommarjobb? Bilde

Sommarvert på Sunnfjord Museum

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Ute etter sommarjobb? Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Sunnfjord Sommerjobb
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Logo

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Gota 16
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Museumsvert Nadia Romero Nardelli
47488741

Søknadsfrist

25. februar 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Sunnfjord Museum er eit friluftsmuseum som ligg i idylliske Movika i Sunnfjord kommune. På museet får du lære om livet i dei indre sunnfjordbygdene gjennom fleire hundreår, og vi forvaltar 32 kulturhistoriske bygg sett opp for å vise eit tradisjonelt tobølt tun, ein husmannsplass og ein støyl.

Publikumstilbodet vårt omfattar også utstillingar, arrangement og ulike formidlingsoppplegg. I hovudbygget på museet har vi museumsbutikk og ein enkel kafe. Museet held ope heile året, og har utvida omvisingstilbod i sommarsesongen.

Arbeidsoppgåver

Sommaren er normalt ei travel tid på museet, med mange besøkande som vil oppleve utstillingane, dei kulturhistoriske samlingane, kulturlandskapet og friluftsområda på museet.

Som sommarvert spelar du ei viktig rolle i sesongavviklinga, og du vil ta del i og løyse mange oppgåver på museet, både åleine og saman med andre.

Arbeidsoppgåver for sommarvertane vil vere:

  • Gje informasjon og yte sørvis til besøkande på museet
  • Førstelinjetenester i resepsjonen (billettar)
  • Omvising
  • Kafe (servering, oppvask, innkjøp)
  • Butikk (sal og varehandtering)
  • Regelmessige vaktrundar i utstillinga og i friluftsmuseet
  • Enkle reinhaldsoppgåver
  • Enkle administrative oppgåver
  • Enkle arbeidsoppgåver på uteområdet, inkl. stell av geitekje.

I tillegg til opplæringa og oppfølginga du får frå museet sine tilsette ved oppstart, må du delta på digitalt INTRO-program for alle sommarvertar laurdag 29. april 2023.

Arbeidet følgjer vaktplan, normalt med arbeidstid i tidsrommet 09:30-17:15 måndag til søndag perioden 10.06.2023-03.09.2023.

Om deg

  • er fødd seinast i 2005
  • er flink til å uttrykke deg munnleg på norsk og engelsk
  • trivst i vertskaps- og omvisarrolla
  • har interesse for og likar å formidle kulturhistorie
  • tilpassar deg og trivast med variasjon i arbeidsoppgåver
  • er stødig og til å lite på
  • har ordenssans
  • er open og omgjengeleg

Vi tilbyr

Som sommarvert på Sunnfjord Museum vil du vere tilsett i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, avdeling kulturhistorie.

Sommarvertane blir løna som timelønstilsette i samsvar med satsar i Landsoverenskomsten (VIRKE). Kveldstillegg for vakter etter 17:00, og helgetillegg for vakter laurdag og søndag.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Kulturbilde