Om stillinga
Breim skule er ein 1-7 skule med om lag 115 elevar. Skulen er PALS-skule. Besøk kommunen si nettside for informasjon om kommunen og skulen.
Breim skule treng vikarar i kortare og lengre periodar frå no og ut skuleåret. Vi vil kome i kontakt med deg som kan ta både store og små stillingar. Vi er ute etter deg som har lærarutdanning først og fremst, men andre utdanningar kan og vurderast. Pensjonert lærar - ta gjerne kontakt.
Ta kontakt snarast med rektor på Breim skule, Gro Larsen Hjelle på tlf 906 19 713
Kvalifikasjonskrav
- ønskjeleg med grunnskulelærar utdanning, men andre utdanningar og praksis kan vurderast.
- for kvalifiserte kandidatar for tilsetjing i grunnskulen vert det vurdert fast tilsetjing.
- fleire basisfag (norsk, engelsk, matematikk), spesialpedagogikk vert lagt vekt på ved tilsetjing.
- digital kompetanse.
- god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål.
- undervisningserfaring, god kompetanse på klasseleiing og gjerne røynsle som kontaktlærar.
- gode personlege eigenskapar som samarbeidsevne, relasjonskompetanse, systematikk,
inkluderande klasseleiing og bidrag til eit godt arbeidsmiljø. - menn vert særleg oppmoda til å søkje
Vi tilbyr
- Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis
- Variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Det må leverast politiattest før tiltreding.
WebC-ID: 4592174389