Undervisningsstilling gitar/band ved Gloppen kulturskule

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Gloppen kommune Gloppen Fulltid
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

John Rune Ødven
47478702

Søknadsfrist

26. mars 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Om stillinga
Gloppen kulturskule er ein veldriven kulturskule med om lag 300 elevplassar innan musikk, dans og visuelle kunstfag. Vi har vår hovudbase i Trivselshagen, der vi i tillegg til eigne lokaler også disponerer dansesaler og ein flott kultursal.
Vi har eit nært samarbeid med Firda vgs, og mange av lærarane underviser også musikklineelevar som ein del av stillinga si. Skulen har 12 tilsette, der 6 av dei er distriktsmusikarar. Gloppen er ein av tre vertskommunar for distriktsmusikarordninga i gamle Sogn og Fjordane.

Arbeidsoppgåver

Undervisning av kulturskuleelevar på gitar og i band, og arbeidsoppgåvene kan også bestå av undervisning av elevar ved musikklina.

Kvalifikasjonskrav

  • Vi søkjer primært etter ein gitarist som kan undervise på ulike gitarar samt bygge opp eit bandmiljø ved skulen. Søkjarar med andre hovudinstrument enn gitar kan vurderast.
  • Vi søkjer etter ein dyktig instrumentalist med minimum 4 års instrumentalpedagogisk høgskuleutdanning. Søkjarar som ikkje fylle kravet til høgskuleutdanning men har mykje realkompetanse kan bli vurdert.
  • Kunnskap og interesse for musikkteknologi, musikkproduksjon, lyd og lys vil vere eit pluss.
  • førarkort for personbil

Om deg

  • er engasjert og initiativrik
  • kommuniserer godt med både born og vaksne
  • har evne til samarbeid og kan jobbe både sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeids- og fagmiljø.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling.


Webc-ID: 4623 247109