
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Trainee: Byggingeniør | Ullensvang kommune | Ullensvang | Trainee |

Du søker direkte til Ullensvang kommune på denne traineestillinga.
Søk traineestillingEr du nyutdanna og klar for å bruke byggingeniørfaget i praksis? Som trainee i Ullensvang kommune får du ansvar, oppfølging og ein kvardag med korte avstandar til både kulturliv, kafear, fjord og fjell.
I avdeling for Veg, park og hamn ser vi no etter deg som vil vere med å bidra til ei viktig samfunnsoppgåve i kommunen. Som ein tidlegare trainee seier: - Om du vil utrette ein forskjell må du kome til ein mindre plass, det er her stemma di betyr noko.
Lista er ikkje utfyllande, og oppgåvene kan tilpassast dine fagkunnskapar. Den rette personen kan også få prøve seg som byggjeleiar/prosjektleiar og på mindre prosjekteringsarbeid.
Avdelinga vår består av 17 årsverk med ansvar for hamn, bruer, leikeplassar, parkanlegg, veglys, offentlege toalett og planarbeid i kommunen, med meir. Kontorplassen din blir på Hjøllo 10 i Odda og du vil rapportere til verksemdleiar.
Hos oss får du raskt ansvar, men vil ikkje stå åleine. Du vil samarbeide tett både med nære kollegaer, driftsoperatørar, faglege leiarar og verksemdleiar. Du vil få det du treng av nødvendig kurs og kompetanse for å utføre arbeidet. Vi ønskjer å tenke nytt innan fag, system og drift, så har du eit kreativt hovud får du sjansen til å sette spor etter deg.
Ikkje minst er dette ein god plass å starte for deg som ønskjer å hente brei erfaring og kunnskap. Hos oss får du garantert lære mykje på kort tid.
Du har relevant høgare utdanning innan bygg og anlegg. Du er påliteleg, nysgjerrig og vågar både å tenke nytt og iverksette arbeidet. Du kommuniserer godt på norsk og er trygg i dialog med ulike fagmiljø og i overordna møter. Du trivst både med å vere ute på synfaring og prosjekt, og å jobbe med teikning og prosjektering på kontor. Synfaringar og feltarbeid krev ein viss fysisk aktivitet, og det blir dagar du må ha på deg regnkle og vernestøvlar. Men det er nettopp denne variasjonen som gjer det så kjekt å jobbe her.
Ikkje for å skryte, men vi kan ikkje la vere: I Ullensvang er vegen til verdas vakraste naturopplevingar kort, uansett om du vil gå i høgfjellet eller slappe av ved fjorden. Turisme, siderproduksjon og industri blomstrar, og til deg som likar det litt meir urbane kan vi skilte med at vi har vår eigen Michelinkokk i Odda og badstue i Sørfjorden!
Så, kva seier du? Skal du bli med på laget vårt i Ullensvang kommune?
Søk no, og start karriera di på beste vis!
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette."