
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Trainee: Maskiningeniør | Hywer AS | Fjaler | Trainee |

Du søker direkte til Hywer AS på denne traineestillinga.
Søk traineestillingHywer ser etter deg som vil jobbe med prosjekt innan fornybar energi og vere med på å utvikle vasskraftprosjekt frå idé til ferdig anlegg. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande miljø, der du får jobbe tett på erfarne kollegaer og lære mykje – fort.
Hywer er ein leiande leverandør av løysingar innan vasskraft, og leverer alt frå enkeltkomponentar til komplette vasskraftanlegg. Vi har erfaring frå nær 90 kraftverk og over 600 vasskraftprosjekt, og jobbar i heile verdikjeda – frå design og prosjektering til bygging og idriftsetjing. Vi er i dag rundt 45 tilsette, med hovudkontor i Dale i Sunnfjord, og er eit heileigd dotterselskap i Saint-Gobain-konsernet. Her kombinerer vi tryggleiken frå eit stort konsern med raske avgjerder og stor påverknad i kvardagen.
Som trainee maskiningeniør vil du jobbe med gjennomføring av vasskraftprosjekt, der hovudfokuset er:
Vi ser etter deg som er nyutdanna maskiningeniør (bachelor eller master), og som er nysgjerrig på vasskraft, energi og prosjektarbeid.
Vi håpar du:
Erfaring frå prosjektering eller relevante verktøy (som 3D-modellering, berekningar eller tekniske teikningar) er ein fordel – men ikkje eit krav i ei traineestilling.
Hos oss får du:
Arbeidsstaden din vil vere ved hovudkontoret vårt i Dale i Sunnfjord – midt mellom fjord, fjell og natur, og med kort veg til både friluftsliv og vårt rike kulturliv. Les gjerne meir om kommunen Fjaler på Sunnfjord.no
Har du spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med Bjarte Grytli Seim, Avdelingsleiar prosjektering
📞 45 40 17 18
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august til august.
