Trainee: Berekraft Bilde

Sparebanken Sogn og Fjordane søker berekraftstrainee

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Berekraft Sparebanken Sogn og Fjordane Sunnfjord Trainee
Sparebanken Sogn og Fjordane Logo

Sparebanken Sogn og Fjordane

Langebruvegen 12
6800 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Lillian Loen
905 70 484

Søknadsfrist

15. mars 2024

Du søker traineestilling hos Sparebanken Sogn og Fjordane, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Samfunnsansvar er ein stor del av ryggmargen vår i Sparebanken Sogn og Fjordane. Vi søker deg som vil sikre at vi har berekraft integrert i alle delar av organisasjonen vår.Har du eit driv for å få ting til å skje er du akkurat den vi leitar etter!

Vi leiter etter deg som ser heilskapen i samfunnet rundt deg, og som ser berekraft i eit langsiktig perspektiv. Vi vil ha ein trainee som ønskjer å vere med på alle delar av berekraftsarbeidet vårt.

Arbeidsoppgåver

Som trainee på berekraft vil du jobbe med nærast alle avdelingar i banken og vil bli involvert i strategiske tverrfaglege prosjekt innanfor fokus på produkt, rapportering, råd til kundane våre og korleis vi kommuniserer berekraft. Du vil og kunne få leie eigne prosjekt om du ønskjer det.

Rapporteringskrava på berekraft blir meir og meir omfattande, og du vil som trainee vere med å sikre at banken tar ei offensiv rolle inn mot rapporteringskrava og at vi etterlever desse på ein god måte.

Du vil jobbe tett saman med berekraftsansvarleg i banken, i tillegg til ei tverrfagleg berekraftsgruppe, som jobbar i alle delar av organisasjonen vår.

Sparebanken Sogn og Fjordane skal i løpet av 2024 inn i Sparebank 1-alliansen, og som trainee vil du og bli med oss på denne spennande reisa, og bli kjent med eit nasjonalt fagmiljø innanfor samfunnansvar og berekraft.

Kvalifikasjonskrav

Felles kvalifikasjonskrav for alle traineear i Framtidsfylket er minimum bachelor eller mastergrad, maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studie, samt at du må forstå og kunne kommunisere på norsk.

Som Framtidsfylket trainee får du mellom anna eit nettverk med andre traineear i Vestland fylke, eit spennande år med fagleg og personleg utvikling, innsyn i eit mangfaldig næringsliv, og fire traineesamlingar og ein utanlandstur.

Vi tilbyr

Som arbeidsgjevar kan vi tilby interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ein innovativ og framtidsretta bank, med eit godt arbeidsmiljø og eit sterkt fagmiljø. Vi tek godt vare på dei tilsette og har fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, bedriftsidrettslag, redusert arbeidstid frå mai til august, konkurransedyktig løn og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.

For meir informasjon om stillinga kontakt kommunikasjonsdirektør, Johanne Sandnes på tlf 95921208 eller berekraftsansvarleg Ingri Martine Fonn Macsik på tlf 90199097.

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 74 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
  • Eit nettverk med traineear i andre bedrifter i Vestland fylke
  • Turar og samlingar i arbeidstida
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv
  • Studietur til utlandet
  • Sjansen til å gjere ein større forskjell
  • Ein draumestart på karriera
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.

Sparebanken Sogn og Fjordane Kulturbilde