Trainee kunnskap og læring

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Kunnskap og læring Norec Sunnfjord Trainee
Norec  Logo

Norec

Firdavegen 2, 6800 Førde, Norge
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Øystein Garfors
+47 41 53 06 03

Søknadsfrist

15. mars 2024

Du søker traineestilling hos Norec , men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Trainee i Norec

Er du nyutdanna, nysgjerrig og lysten på å lære meir? Er du klar for ein unik start på karrieren? Vi er på jakt etter deg som vil vere med å vidareutvikle Norec som nasjonalt kompetansesenter for internasjonalt utvekslingssamarbeid.

Som trainee vil du jobbe i seksjonen for kunnskap og læring. Vi har ansvar for kursing av deltakarar, partnarar og andre målgrupper, i tillegg til Norec sitt arbeid med analyse og læring. Som trainee vil du få ei unik forståing av både det å jobbe i ei statleg verksemd, og utveksling som eit utviklingspolitisk verktøy.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Som trainee i Norec vil du:

  • planlegge, gjennomføre og utvikle kurs
  • lage digitale læringsressursar
  • samle inn og kvalitetssikre data
  • hente inn og omarbeide litteratur og forsking
  • forenkle og presentere resultat til bruk i formidling

Arbeidsoppgåvene vil bli tilpassa kompetansen din.

Kvalifikasjonar

Du har:

  • relevant utdanning på bachelornivå eller høgare
  • gjerne erfaring med dokumentasjonsarbeid og forsking
  • gode norsk- og engelskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Andre språk (til dømes spansk) vil vere ein fordel
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • gode IT-kunnskapar
  • evne til å jobbe sjølvstendig og god evne til å prioritere

Om deg

Vi ser etter deg som liker ein variert arbeidskvardag. Du trivst med folk rundt deg, og evnar å ta ansvar og initiativ. Det er mykje sjølvstendig arbeid i stillinga, så du må kunne prioritere og ha god gjennomføringsevne. For å lykkast i jobben må du like å samarbeide i team og vere omgjengeleg.

Norec er ein verdibasert arbeidsplass, og vi legg vekt på personleg integritet og evne til å vise respekt for andre.

Vi tilbyr

  • oppgåver der du får brukt alt du kan - og litt til
  • eit lærande kollegium der det er rom for å prøve og feile
  • gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
  • moglegheit til å trene i arbeidstida

Stillinga blir lønna som aspirant med lønnsspennet 448.900 til 502.300 (lønnstrinn 42-50).

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar. Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Les dette før du søker

Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker Norec medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.

For søkarar som ikkje kan jobbe full stilling, vil det vere mogleg med ei stillingsprosent mellom 80 og 100 %.

Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir berre brukt til å velje ut rette kandidatar ut frå desse kriteria, i tillegg til anonymisert statistikk.

Du kan be om å bli unntatt den offentlege søkarlista. Dette må du i tilfelle grunngi. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følge.

Om Framtidsfylket si traineeordning

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
  • Eit nettverk med traineear i andre bedrifter i Vestland fylke
  • Turar og samlingar i arbeidstida
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv
  • Studietur til utlandet
  • Sjansen til å gjere ein større forskjell
  • Ein draumestart på karriera
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap
  • Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.