Trainee: Kommunikasjon og informasjon Bilde

Er du kreativ og likar å bli utfordra til å tenkje nytt?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Kommunikasjon og informasjon Bremanger kommune Bremanger Trainee
Bremanger kommune Logo

Bremanger kommune

Postboks 104
6721 Svelgen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Tom Joensen, kommunedirektør
476 19 641

Søknadsfrist

1. april 2024

Du søker traineestilling hos Bremanger kommune, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Har du lyst til å jobbe med å promotere moglegheitene som finst i ein ressursrik distriktskommune? Då håpar vi å få med oss deg på laget.

Bremanger kommune ser etter ein trainee som kan tilføre kunnskap, gje oss inspirasjon og ikkje minst sjå potensialet i bruk av sosiale kanalar og digitale arbeidsmåtar for å vise fram kva kommunen har å tilby – både til innbyggjarar, næringsliv og potensielle tilflyttarar.

Her har vi eit stort rom for forbetring som du kan vere med å dekke !

Om arbeidsgjevar
Bremanger kommune ligg på kysten i Vestland fylke og har lag 3 500 innbyggjarar. Vi kan tilby store naturopplevingar frå hav til bre og eit rikt organisasjons- og kulturliv.
Vi er om lag 500 tilsette som kvar dag arbeider for å levere gode tenester med kvalitet til innbyggjarar og næringsliv.
Vi er opptekne heilskapleg tenking og tverrfaglege løysingar noko som krev gode kommunikasjonssystem på tvers av sektorar og hierarki. Også i denne samanhengen vil du som trainee kunne bidra.

Arbeidsoppgåver
Dine viktigste arbeidsoppgåver blir å drifte og utvikle kommunen sine nye nettsider og profilar i sosiale kanalar. Du vil også ha ein viktig rolle i å arbeide strategisk med kommunikasjon og omdøme – både eksternt og internt.

Kvalifikasjonskrav
Høgare utdanning innan informasjon, kommunikasjon, media
Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
God forståing og interesse for digitale medium

Om deg
I denne rollen er det viktig at du har evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig. Vi vil også sette pris på at du er initiativrik og utfordrar oss med nye idear.

Vi tilbyr
Gode kollegaer som har det kjekt på jobb
Sentral plassering i kommuneorganisasjonen
Ein jobb som vil vere sentral i høve kommunen si satsing på rekruttering og tilrettelegging for tilflytting.

Kontakt:
Tom Joensen, kommunedirektør
Mob.: 476 19 641
E-post: tom.joensen@bremanger.kommune.no

Bremanger kommune
Granden 4
6723 Svelgen
https://bremanger.kommune.no/

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
  • Eit nettverk med traineear i andre bedrifter i Vestland fylke
  • Turar og samlingar i arbeidstida
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv
  • Studietur til utlandet
  • Sjansen til å gjere ein større forskjell
  • Ein draumestart på karriera
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025