Trainee: IT og Digitalisering Bilde

Bli ein del av framtida hos Brødrene Aa!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: IT og Digitalisering Brødrene Aa Gloppen Trainee
Brødrene Aa Logo

Brødrene Aa

Hyen
6829 HYEN
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Lars Endre Gimmestad

Søknadsfrist

1. april 2024

Du søker traineestilling hos Brødrene Aa, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Er du klar for å starte karriera di i skjeringspunktet mellom teknologi, innovasjon og forretning? Brødrene Aa søkjer ein engasjert og lærevillig trainee som vil bidra til å forme framtida til Brødrene Aa gjennom IT og digitalisering. I denne stillinga vil du få hands-on erfaring og vere ein nøkkelspelar både knytt til vår IT drift, og i våre digitale forbedringsprosjekt.

Kva vi tilbyr:

  • Variert arbeid innan IT-drift og utvikling.
  • Muligheiter for å delta i, og potensielt leie, små og store forbedringsprosjekt med fokus på digitalisering.
  • Ei stilling der innhaldet kan skreddarsys til dine interesser og kompetanse, i samsvar med bedrifta sine behov.
  • Eit arbeidsmiljø der du finn både lang og tung erfaring, og ungt pågangsmot, og der dine idear og bidrag verkeleg tel.
  • Karrierevekst og personleg utvikling gjennom oppfølging og fagleg støtte.

Kvalifikasjonar:

  • Nyutdanna, eventuelt med noko erfaring innan IT, digitalisering eller relaterte felt.
  • Sterk interesse for teknologi og innovasjon.
  • God prosessforståing
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk.

Ansvarsområde:

  • Bidra i drift og vedlikehald av IT-system.
  • Engasjert i utviklingsoppgåver og innovasjonsprosjekt.
  • Aktiv deltaking i digitaliseringsprosjekt, med moglegheit for prosjektleiing.
  • Samarbeid på tvers av avdelingar for å identifisere og implementere forbedringstiltak.

Om oss:
Brødrene Aa er leiande innan design og produksjon av energi-effektive passasjerfartøy bygd i karbonfiber. Vi er ei føregangsbedrift innan innovasjon og teknologi. Vi legg vekt på eit inkluderande og inspirerande arbeidsmiljø der kvar enkelt medarbeidar blir verdsett og får moglegheiter til å vekse.

Søknad:
Er du den vi ser etter? Send oss ein søknad der du fortel om deg sjølv, din utdanning og kvifor du er den rette for denne stillinga. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
  • Eit nettverk med traineear i andre bedrifter i Vestland fylke
  • Turar og samlingar i arbeidstida
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv
  • Studietur til utlandet
  • Sjansen til å gjere ein større forskjell
  • Ein draumestart på karriera
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.

Brødrene Aa Kulturbilde