Trainee: Digital utvikling Bilde

Vil du vere med og drive utviklinga vidare for grøn energi, berekraft og elektrifisering?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Digital utvikling BKK Sunnfjord Trainee
BKK Logo

BKK

Firdavegen 5
6800 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Tony Kiil
91727185

Søknadsfrist

15. mars 2024

Du søker traineestilling hos BKK, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

BKK AS er ein del av energi- og teknologikonsernet Eviny. Med utgangspunkt i kompetansemiljøet i Førde vil selskapet styrke si satsing innan digitalisering. Vi søker difor:

Traineear innan digital utvikling

Vi treng deg som ynskjer å drive utviklinga vidare for grøn energi, berekraft og elektrifisering. Føresetnaden for dette er tilgang på straum, og det er Teknologi og Utvikling som har ansvaret for å forvalte og utvikle system og tenester i den digitale infrastrukturen i selskapet.

BKK AS sørger for at du kan lade dine digitale einingar heime, og at du har lys i lampa. Vi er eit av dei største nettselskapa i Noreg og leverer straum, drifter og utviklar straumnettet til kundar på Vestlandet. Vi er i starten av ei spennande reise, der vi skal løfte oss som selskap ved å ta i bruk data på heilt nye måtar.

Traineestillingane vil inngå i eininga Teknologi og Utvikling i BKK AS. Vi er ei eining som driv selskapets utvikling vidare innan datautnytting og digitalisering. I vårt fagmiljø er det heilt sentralt å levere stabile tenester som sikrar god dataflyt og riktige avgjersler. Vi tilbyr spennande oppgåver innan dataanalyse, sikkerheit, integrasjonsarbeid, programmering, statistikk, teknologi, prosjektleiing, systemforvaltning og digitalisering. Teknologi og Utvikling er lokalisert i Førde og Bergen.

Kven er du som søker?

  • Du er nysgjerrig på nye løysingar og synsvinklar
  • Du er lærevillig og setter seg raskt inn i nye verktøy og problemstillingar
  • Du likar å jobbe tverrfagleg, er opptatt av å sjå resultat og tar initiativ.
  • Du evnar å sjå det store bildet og konsekvensane av endring
  • Du ynskjer å ta del i vår digitale reise

Kvifor bør du velje oss?

  • Du vert ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø som jobbar med dei nyaste teknologiane og verktøya som gir fart, læring og konkurranseevne for selskapet.
  • Som trainee i Teknologi og Utvikling vil du være med på å bygge framtidas elektriske, digitale og berekraftige løysingar.
  • Konkurransedyktige velferdsordningar og et bredt aktivitetstilbod i konsernet
  • Du vert ein del av Eviny-konsernet med fagleg og sosial bredde.
  • Vi har eit ungt arbeidsmiljø med mange nyansatte dei siste åra, og ulike aktiviteter og samlinger gjennom året er med på å skape et godt arbeidsmiljø.
  • Du vil ha moglegheit til å bli vurdert for fast tilsetjing etter avslutta traineeperiode.

Traineekvardagen i BKK AS

Du vil være med på å bygge opp og utvikle kompetansegrupper innanfor digitalisering, og du vil jobbe i eit tverrfagleg team som jobbar med utvikling av system og digitale verktøy. Vi skal saman jobbe med integrasjonsgrensesnitt mellom fagsystem, tileigne oss erfaring med analyse, samt predikere data til forbetring av dagleg drift. Du vil jobbe tett opp mot svært kompetente fagmiljø både internt i selskapet og eksternt mot en bransje og ein marknad i sterk utvikling.

Du vil få kontorplass i BKK AS sine lokale i Energihuset i Førde.

Spørsmål?

Ring seksjonsleiar Tony Kiil, tlf. 91727185 for ein hyggeleg prat. Vi gleder oss til å høyre frå deg!

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
  • Eit nettverk med traineear i andre bedrifter i Vestland fylke
  • Turar og samlingar i arbeidstida
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv
  • Studietur til utlandet
  • Sjansen til å gjere ein større forskjell
  • Ein draumestart på karriera
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.

BKK Kulturbilde