Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Systemutvikling og programmering

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Bergen Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Erin Fausa Pettersen
951 43 100

Søknadsfrist

21. april 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil. Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje.
Eininga har i dag om lag 50 tilsette, med IT som det klart største tenesteområdet. I tillegg har vi ansvar for organisasjonsutvikling, leiarutvikling og dokumentforvaltning. Vi skal både hjelpe fageiningane direkte, og indirekte via utvikling av effektive administrative arbeidsformer. Sentralt i dette står arbeidet med å utvikle digitale løysingar knytt til alle våre oppgåver. Omstillingsarbeid er også i stor grad organisasjonskulturarbeid. Eininga har dette som særleg fagleg ansvar, og driv omfattande utvikling av leiarar og leiing.


Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering, har ledig fast stilling innan systemutvikling og programmering
Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering har ansvaret for å leie betydelege digitaliserings- og endringsprosessar. Vårt digitaliserings- og organisasjonsfagleg miljø består av åtferdsvitarar med ulik fagbakgrunn, eit IT-miljø med om lag 50 tilsette og eit dokumentasjonssenter. Vi søker no ein sterk fagperson som kan jobbe innan vårt miljø for systemutvikling og programmering.
Arbeidsstaden er ein av Høgskulen sine campusar: Førde, Sogndal, Stord, Haugesund eller Bergen. Arbeidsstad etter avtale.

Arbeidsoppgåver

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Vurdering og forbetring av eksisterande fag- og administrasjonssystem
  • Integrasjon av fag- og administrasjonssystem
  • Utvikling/programmering


Kvalifikasjonskrav

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning i programmering eller anna relevant område på minimum bachelornivå, fortrinnsvis master.


Det blir lagt vekt på at søkjar har omfattande og relevant arbeidserfaring i tråd med hovudarbeidsfeltet til stillinga. Stillingskode vert vurdert etter utdanning, erfaring, sjølvstende, leiaransvar og kompleksitet i oppgåvene som utførast.

Ønska Kvalifikasjonar:

  • Omfattande arbeidserfaring innan utvikling av IKT-system
  • Erfaring frå robotisert prosessautomatisering (RPA) og ”low-code” programmeringsverktøy
  • Erfaring med utvikling frå Microsoft sin portefølje
  • Kjennskap til system og systemarkitektur frå høgare utdanning er ein fordel


Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Det blir lagt stor vekt på evne til å kommunisere og motivere medarbeidarar


Vi tilbyr

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida


Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1363 - seniorkonsulent/1434 rådgjevar eller i stillingskode 1085 - avdelingsingeniør/1087 overingeniør, etter kompetanse.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

Senioringeniør Knut Erling Øientlf. 57 67 63 08, e-post: knut.oien@hvl.no

Seniorrådgjevar Paul Wilson Glenntlf. 52 70 27 57, e-post: paul.glenn@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet
Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Les meir på våre heimesider.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde